Kurt Weill
Kurt Weill (2. mars 1900–3. april 1950) var ein tysk-amerikansk komponist.
Kurt Weill | |||
Weill i 1932 | |||
Fødd | 2. mars 1900 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dessau | ||
Død | 3. april 1950 (50 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Fødenamn | Kurt Julian Weill | ||
Opphav | Tyskland, USA | ||
Sjanger | opera, symfoni, ballett | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pedagog, dirigent, filmmusikkomponist | ||
Gift med | Lotte Lenya, Lotte Lenya | ||
Prisar | Tony-prisen for beste originalmusikk, Drama Desk-prisen for fremragende musikk, National Medal of Science |
Bakgrunn
endreKurt Weill vart fødd i Dessau i Tyskland, og studerte ved musikkhøgskolen i Berlin i 1918 hos E. Humperdinck og R. Krasselt. I åra som følgde var han korepetitør ved teatret i Dessau og musikkdirektør ved operaen i Lüdenscheid samstundes med at han heldt fram med musikkstudia.
På 1920-talet vekte han stor merksemd med moderne sceneverk med revolusjonær tendens. Den største suksessen hans var Dreigroschenoper, med urpremiere i Berlin 1928.
Eit nytt innslag i musikken til Weill var såkalla songs, ei spesiell songform med stilelement frå ulike populære og tradisjonelle musikkformer, tilføydd falske tonar, usymmetriske frasar, uventa pausar og rå instrumentasjon.
Kurt Weill vart gift med songarinna L. Lenya, og saman forlét dei Tyskland då nazistane kom til makta i 1933. I 1935 busette dei seg i New York, og Weill vart USA-amerikansk statsborgar i 1943.
Verk (utval)
endreOperaer
endre- "Der Protagonist" (libretto av Georg Kaiser, 1926)
- "Royal Palace" (libretto av Yvan Goll, 1927)
- "Der Zar lässt sich photographieren" (libretto av Georg Kaiser, 1928)
- "Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny" (libretto av Bertolt Brecht, 1930)
- "Der Jasager" (libretto av Elisabeth Hauptmann og Bertolt Brecht, 1930)
- "Die Bürgschaft" (libretto av Caspar Neher, 1932)
- "Street Scene" (libretto av Elmer Rice og Langston Hughes, 1947)
- "Down in the Valley" (libretto av Arnold Sundgaard, 1948)
Syngespel
endreVerk (utval)

endre- "Mahagonny" (libretto av Bertolt Brecht, 1927)
Pantomimer, ballettar
endre- "Zaubernacht" op. 7 (scenarium og songtekst: Wladimir Boritsch, 1922)
- "Die sieben Todsünden" ('sungen ballett', libretto: Bertolt Brecht, 1933)
Operetter
endre- "Der Kuhhandel" (libretto: Robert Vambery, ikkje fullført, urframført som "A Kingdom for a Cow" i 1935)
- "The Firebrand of Florence" (libretto: Edwin Justus Meyer og Ira Gershwin, 1945)
Teaterstykke med musikk
endre- "Mahagonny" (libretto av Bertolt Brecht, 1927)
Pantomimar, ballettar
endre- "Zaubernacht" op. 7 (scenarium og songtekst: Wladimir Boritsch, 1922)
- "Die sieben Todsünden" ('sungen ballett', libretto: Bertolt Brecht, 1933)
Operetter
endre- "Der Kuhhandel" (libretto: Robert Vambery, ikkje fullført, urframført som "A Kingdom for a Cow" i 1935)
- "The Firebrand of Florence" (libretto: Edwin Justus Meyer og Ira Gershwin, 1945)
Teaterstykke med musikk
endre- "Die Dreigroschenoper" (tekst: Bertolt Brecht, 1928)
- "Happy End" (tekst: Dorothy Lane, pseudonym for Elisabeth Hauptmann, songtekstar av Brecht, 1929)
- "Der Silbersee" (tekst: Georg Kaiser, 1933)
- "Der Weg der Verheißung" / "The Eternal Road" (tekst: Franz Werfel, urframført under sistnemnte tittel i 1937)
Musikalar
endre- "Johnny Johnson" (1936, tekst: Paul Green)
- "Knickerbocker Holiday" (1938, tekst: Maxwell Anderson) - regi ved urframføringa: Joshua Logan
- "Lady in the Dark" (1941, tekst: Moss Hart og Ira Gershwin)
- "One Touch of Venus"(1943, tekst: Sidney Joseph Perelman og Ogden Nash)
- "Lost in the Stars" ("Musical Tragedy", 1949, tekst: Maxwell Anderson)
Kantatar (for kringkastinga)
endre- "Das Berliner Requiem" (tekst: Bertolt Brecht, 1929)
- "Der Lindberghflug" (tekst: Bertolt Brecht, første versjon 1929 med musikk av Paul Hindemith og Weill, andre versjon også 1929, med musikk utelukkande av Weill)
- "The Ballad of Magna Carta" (tekst: Maxwell Anderson, 1940)
Instrumentale verk
endre- Strykekvartett i h-moll (utan opustal), 1918
- 2. strykekvartett op. 8, 1923
- Konsert for fiolin og blåseorkester op. 12, 1925
- 1. symfoni, 1921
- 2. symfoni, 1934
Songsyklusar
endre- "Frauentanz", songsyklus for sopran og fem instrument (etter mellomalderdikt), 1923
- "Stundenbuch", songsyklus for baryton og orkester (Rainer Maria Rilke, 1923)
- "Three Walt Whitman Songs", seinare "Four Walt Whitman Songs" (1942–47)
Kjelder
endre- Gösta Percy og Henrik Karlson i Cappelens musikkleksikon 1980, ISBN 82-02-03690-9
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kurt Weill» frå Wikipedia på bokmål, den 15. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Tysk nettstad for Kurt Weill Arkivert 2004-12-07 ved Wayback Machine.
- Biografi på tysk