Kuwait Oil Company
Kuwait Oil Company (KOC) er eit av dei største oljeselskapa i verda. Selskapet vert eigd av styresmaktene i Kuwait. Heile nasjonaløkonomien til landet Kuwait er sterkt avhengig av dette eine selskapet. Selskapet har verksemd innan mange delar av aktivitet knytt til petroleumsindustrien. Selskapet driv med utvinning av råolje, raffinering i oljeraffineri og sal gjennom bensinstasjonar.
Historie
endreI 1934 vart Kuwait Oil Company Ltd skipa av Anglo-Persian Oil Company, som seinare utvikla seg til British Petroleum Company (BP) og Chevron Corporation.
I 1938 vart det gjort funn av olje i Burganfeltet, som synte seg å vera eit av dei største oljefelta i verda. I 1975 tok styresmaktene i Kuwait kontroll over heile selskapet med 100 prosent eigardel i the Kuwait Oil Company.