Opna hovudmenyen

Kuzma Sergejevitsj Petrov-Vodkin (5. november 187815. februar 1939) var ein russisk-sovjetisk målar, grafikar, kunstteoretikar, forfattar og pedagog.

Kuzma Petrov-Vodkin
PetrovVodkin Avtoportret 1918.jpg
Fødenamn Кузьма Сергеевич Петров-Водкин
Fødd 24. oktober 1878 (juliansk)
Khvalynsk
Død

15. februar 1939
St. Petersburg

Sjanger portrett, stilleben, grafikk
Yrke kunstmålar, sjølvbiograf, skribent

Liv og gjerningEndra

 
Bading av ein raud hest, 1912
 
Draumen, 1910

Petrov-Vodkin vart fødd byen Khvalynsk (i dagens Saratov oblast), der faren var skomakar. På 1890-talet studerte han målarkunst og teikning i Samara, vidare 1895-97 på sentralskulen for teknisk teikning i St. Petersburg. Seinare flytta han til Moskva, der han studerte hos Valentin Serov og særleg Konstantin Korovin på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. År 1901 heldt han fram studiet i München. 1904 fullførte han studiane i Moskva og for til Paris, for å gå i privatlære. Han la også ut på studieferder til Italia og Nord-Afrika.

Petrov-Vodkin slo gjennom med Draumen i 1910, eit bilete den ortodokse kyrkja fann vel erotisk. År 1911 vart han medlem i Mir iskusstva. Hans mest kjende verk er Bading av ein raud hest. Kunsten hans var omdiskutert mellom dei fremste russiske målarane, Aleksandr Benois forsvara den, medan Ilja Repin var avvisande.

I sovjet-tida arbeidde Petrov-Vodkin mykje som grafikar og dramatikar. Kunstverka hans frå denne tida er mørkare, ofte haldne i ein stil som kan minne litt om bysantisk kunst og ikonmåling. Han forfatta dessutan forteljingar og småstykke, samt teoretiske skrifter.

Frå 1918 til 1933 underviste han i det Frie Statlege Kunstpedagogiske Atelier i Petrograd (Leningrad).

I 1927 vart han diagnostisert med tuberkulose og måtte etter kvart meir eller mindre gje opp målinga. Han skreiv i denne tida tre halvt sjølvbiografiske bøker, som alle nådde ein stor lesekrins.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kuzma Petrov-Vodkin