Opna hovudmenyen
Kvæfjordkake

Kvæfjordkake er ei kake laga av kakebotn med marengs, rom- eller vaniljekrem og mandlar. Ho blei kåra til norsk nasjonalkake i 2002 på radioprogrammet Nitimen.[1] Kaka er også blitt kalla «verdas beste», marengsterte, «drømmen» og pinocchiokake.

HistorieEndra

Kvæfjordkaka blei vidareutvikla frå «kongekake», ei dansk oppskrift innkjøpt av kvæfjerdingen Hulda Ottestad til Café Alliance i Harstad. Kvæfjordkaka har mellom anna færre mandlar enn den opphavlege kaka. Kaka blei mellom anna kjend i Noreg gjennom oppskrifter i Norsk Ukeblad frå Brita Edland («Mor Hubro»).

Venneforening og hymneEndra

Kvæfjordkake har ei eiga venneforeining, «Kvæfjordkakas venner», som jobber for å ta vare på kulturen rundt kaka og for å utvikla kulturbasert næring i distrikta.

Ola Bremnes, som også kjem frå Kvæfjord, har skrive eit hymne til kaka, «Kvæfjordkaka».

KjelderEndra

  1. «Kvæfjordkaken best - Nitimen - NRK». Henta 7. juni 2009. 

BakgrunnsstoffEndra