Kvalsvik på Nerlandsøya
- Sjå Kvalsvik for andre stader med same namnet.
|
Kvalsvik er ein av tre grunnkrinsar på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.
Tettstaden Kvalsvik | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Postnummer | 6098 NERLANDSØY | ||
![]() Kvalsvik på Nerlandsøya 62°21′42″N 5°33′08″E / 62.36166667°N 5.55222222°E |
Grunnkrinsen omfattar 4 matrikkelgardar; Kvalsvik Øvre, Kvalsvik Nedre, Nerland og den ikkje lenger busette garden Skorpesund. Kvalsvik grensar til grunnkrinsen Kopperstad i søraust og Kvalsund i nordaust.
Tettstaden Kvalsvik
endreEtter SSB sine reglar er Kvalsvik å rekne som ein tettstad, med 0 innbyggjarar per 1. januar 2023.
I Kvalsvika finn ein ei naturleg hamn som har vore viktig for fiskarane i bygda.
Kvalsvik skule som vart sterkt redusert i 2003, men prøvd drive vidare som før av foreldra, blei nedlagd før skuleåret 2009/10 og elevane blei flytta til nabobygda, Kvalsund, også den på Nerlandsøya.
Gartneriet Øyflora Planteskule blei lagt ned etter starter ved Gsommaren 2010.
Badestaden Mulevika er ei strand sørvest for bygda. Eit populært utfluktsmål for både fastbuande og tilreisande.
Turen frå Golleneset til Muletua langs Kvalsvikryggen er ein flott tur med utsikt mot storhavet på eine sida og sunnmørsalpane på andre sida. Den årlige "Fyr til Fyr" maratonløpet startar ved Golleneset og endar i Goksøyra på Runde.[1]
Gjestebrygga på hamna er åpen for besøk heile året.
Eit besøk i Olafløa når det er tilstellingar der er ein opplevelse. Det er Havferie ved Bjarne Kvalsvik som driv denne. Havferie har hytter og hus til utleige.
Geografi
endreBusetjinga i Kvalsvika ligg hovudsakleg i eit dalliknande føre som strekkjer seg frå Mulevika til hamna i vika som bygda har namnet etter. På kvar av sidene er det eit fjellmassiv, Kvalsundfjellet mot aust og eit dominert av Mulefjellet mot vest. Grensa mot Kopparstad og Kvalsund, går gjennom toppane Rjåhornet og Varden, og med Nerlandshornet lenger inne i krinsen. Den vestre dalsida strekkjer seg opp mot ein fjellrygg med toppane Muletua, Barmen og Okla, før det går bratt ned att mot Atlanterhavet. Mulevika strekkjer seg frå Terneneset ved utgangen av Skorpesundet og til Mulen rett ned for Muletua, medan ein i andre enden av fjellet finn Gållanes.
Sjå òg
endre- Trude Teige har skrive to romanar om Kristiane som budde i Kvalsvika på 1800-talet.
Fotnotar
endre- ↑ Fyr til Fyr 2024 | Visitfosnavaag (på norsk bokmål), henta 13. september 2024