Kvantehalleffekt

Kvantehalleffekten er ein kvantemekanisk versjon av Hall-effekten, som kan observerast i todimensjonale system av elektron utsett for låge temperaturar og sterke magnetfelt, der Hall-leiingsevna σ berre kan ha kvantifiserte verdiar:

der e er elementærladninga og h er Planck-konstanten. I den ordinære kvantehalleffekten , kjent som heiltalig kvantehalleffekt, tar v heiltalsverdiar (v = 1, 2, 3,...). Ein annan kvantehalleffekt, kjent som den fraksjonal kvantehalleffekt, der v kan opptre som brøkar med oddetalsnemnar (v = 2/7, 1/3, 2/5, 3/5,...).

Heiltalig kvantehalleffekt vart føresagt av Ando, Matsumoto og Uemura i 1975.

Den fraksjonelle kvantehalleffekten vart oppdaga i 1982, av Daniel Tsui og Horst Störmer under eksperiment utført på heterostrukturar av galliumarsenid, utvikla av Arthur Gossard.

Effekten vart forklart av Robert B. Laughlin i 1983. Tsui, Störmer og Laughlin fekk Nobelprisen i fysikk i 1998.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Kvante-Hall-effekten» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2013.
  • T. Ando, Y. Matsumoto, and Y. Uemura, J. Phys. Soc. Jpn. 39, 279 (1975)
  • K. von Klitzing, G. Dorda, and M. Pepper, Phys. Rev. Lett. 45, 494 (1980)
  • R.B. Laughlin, Phys. Rev. B. 23, 5632 (1981).
  • D.C. Tsui, H.L. Stormer, and A.C. Gossard, Phys. Rev. Lett. 48, 1559 (1982)
  • R.B. Laughlin, Phys. Rev. Lett. 50, 1395 (1983).