Opna hovudmenyen
Kvernøya
Geografi
Norway - Kvernøya.png
Stad Namdalen
Koordinatar 64°31′31″N 10°48′09″EKoordinatar: 64°31′31″N 10°48′09″E

Areal 5,1 km²

Høgaste punkt Kværnøyfjellet (145 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Kvernøya er ei øy i Flatanger kommune i Trøndelag. Øya måler 5,1 kvadratkilometer og er den største i kommunen. Dei nordlege og austlege delane består for ein stor del av kupert, skogkledd terreng, medan det i vest og sør er meir snaufjell og lyngområde. Det høgaste punktet er Kvernøyfjellet (144 moh).

Det er funne spor etter busetnad her tilbake til yngre steinalder. Ho vert første gong nemnd i skriftlege kjelder i lensreknskapet i 1557. Like etter den andre verdskrigen budde det om lag 80 menneske på øya og hovudnæringa var fiske og jordbruk, gjerne i kombinasjon. Kvernøya fekk ny veg (til saman om lag 3 km), kai og molo i 1980-81. Folketalet har derimot gått jamt tilbake dei siste 60 åra, og det er i dag ingen fastbuande her.