Kvevatnet
Kvevatnet[2] (òg kalla Kvevotni)[3] er ein innsjø og eit kraftmagasin i Lærdal kommune i Vestland. Innsjøen har utløp mot nord til elva Nivla, som er ein del av Lærdalsvassdraget.
Kvevatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Lærdal | ||
Utløp | Nivla | ||
Nedslagsfelt | 39,71[1] km² | ||
Høgd over havet | 1 473.3–1 458.5[1] moh. | ||
Areal | 6,42[1] km² | ||
Kystlengd1 | 32,06 km | ||
Koordinatar | 60°53′35″N 07°42′25″E / 60.89306°N 7.70694°E | ||
Kvevatnet 60°53′35″N 7°42′25″E / 60.893056°N 7.706944°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Magasinet vart bygd som ein del av kraftutbygginga i Lærdalsvassdraget på 1970-talet. Det vart bygd ei demning ved utløpet frå Kvevotni, og ei rekkje mindre vatn, blant anna Vestre og Midtre Kvevatnet og Vestre Flågrunnsvatnet, vart oppdemd til ein samanhengande innsjø. Vassføringa frå magasinet vart overført frå eit vassinntak i Gravdalen, lengre nede i Nivla, via ein lang tunnel til Borgund kraftverk. I februar 2015 vart det gjeve konsesjon til utbygging av Gravdalen kraftverk, som vil utnytta fallet mellom magasinet og vassinntaket i Gravdalen.[4]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 ««NVE Atlas»». Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta 18. juni 2015.
- ↑ «Fakta om stedsnavn (Søk:Kvevatnet)». Kartverket. Henta 18. juni 2015.
- ↑ «Konsesjonssøknad og konsekvensutredning for Gravdalen kraftverk, Lærdal kommune» (pdf). Østfold energi. oktober 2008. Henta 18. juni 2015.
- ↑ «Ja til bygging av Gravdalen kraftverk i Lærdalsfjella». regjeringen.no. Olje- og energidepartementet. 13. februar 2015. Henta 18. juni 2015.