Kvistad i Hjørundfjord

Kvistad er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg på sørsida av Bondalselva i Bondalen, ei 4 kilometer frå Hjørundfjorden. Næraste grannegardane er Moane i aust og Ner-Frøland på nordsida av Bondalselva.

Garden Kvistad er nemnd fyrste gongen i 1324. Busetnaden var til 1920-åra samla i eit klyngjetun, 85 meter over havet. Her er sola borte 12 veker i vinterstida. Kvistad hadde sæter i Kvistaddalen, ei 4 kilometer frå klyngjetunet. Fyrste brua over til Frøland vart bygt i 1872, ei kvelvingsbru kom opp i 1891.

Folketeljinga 1900 fortel om åtte gardsbruk og tre husmannsplassar under matrikkelgarden Kvistad.

Folketal:

endre
  • 1801: 42
  • 1865: 62
  • 1900: 81

Kjelder

endre
  • Hjørundfjordboka 4, s. 425 ff.