Kvit støy er eit stokastisk signal (elektronisk eller fysisk) som oppviser konstant energitettleik, uavhengig av frekvens. Kvit støy har med andre ord eit flatt energispektrum.

Med energitettleik meiner ein energien innanfor ei gjeven bandbreidde. For å standardisere energitettleiken er 1 Hz vald som refererande bandbreidde. Energitettleiken av støyen blir såleis mælt i Watt per Hz. Innan elektronikk er det ofte amplitudespekteret til ei støyspenning som vert målt og oppgjeve i datablad. Eininga er då V/ (volt per kvadratrota av Hertz). Ein skil mellom kvit støy, der alle frekvensinterval har same energitettleik, og farga støy der energitettleiken varierer med frekvensen.

Nemninga kvit er lånt frå fargelæra. Kvitt ljos består av alle fargane i spekteret same intensitet. Når ein fjernar høge frekvensar frå ljoset sitt spektrum blir ljoset raudlegare i fargetonen. Ein snakkar òg om rosa, raud, brun og blå støy i denne samanhengen:

Total støyeffekt endre

Effekten (energi per tidseining) til eit støysignal finn ein ved å intergrera energispekteret med omsyn på frekvens og dividera på integrasjonsintervalet. Alle fysiske signal har endeleg bandbreidd, så energien er alltid endeleg, uavhengig av «farga» til energispekteret. Når ein ynskjer å analysera eit signal som er maskert av tilfeldig støy nyttar ein ofte eit bandpassfilter for å fjerna støyen som ligg utanfor det frekvensområdet ein er interessert i. I radiomottakarar gjer ein det same.

Amplitudefordeling endre

Amplituden til støysignalet er kjenneteikna av å vere tilfeldig, det vil seie at å kjenne signalet fram til eit gjeve tidspunkt ikkje fortel korleis det vil sjå ut i neste augneblunkar. Slike støysignal ver difor kalla tilfeldig støy. Dette i motsetnad til deterministiske signal, som til dømes ei sinusbølgje. Det einaste som er kjent er sannsynsfordelinga til amplituden.

Fysiske signal, som musikk, temperatur, vindstøy, trafikkstøy, og så vidare, har med god tilnærming Gaussisk amplitudefordeling[1][2]. Det finst òg støy som ikkje har Gaussisk amplitydefordeling. Eit døme er kvantiseringsstøy i til dømes AD-omformarar.

Kjelder endre

  1. Picinbono, B. Random signals and systems, Prentice-Hall, 1993.
  2. Bies, D.A. og Hansen, C.H., Engineering noise control, 4. utg., Spon Press, 2009.

Sjå òg endre