Kviterussland i Eurovision Song Contest

Kviterussland debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og har totalt delteke i tevlinga 16 gongar. Landet har berre kvalifisert seg til finalen ved seks anledningar. Fyrste gongen var i 2007, då Dzmitry Kaldun og sangen «Work Your Magic» endte på sjetteplass i finalen. Dette er framleis den beste plasseringa til Kviterussland i Eurovision Song Contest. Sist gong Kviterussland kvalifiserte seg til finalen, var i 2019.[1]

Kviterussland
EuroBielorrusia.svg
Offisielt Kviterussland

Belaruskaja Tele-Radio Campanija
Uttakingar
Nasjonalt 14
Internt 2
Deltaking
Debutår 2004
Deltakingar 16
Beste resultat
Semifinalen 4 (2007)
Finalen 6 (2007)
Verste resultat
Semifinalen 22 (2006)
Finalen 24 (2010 og 2019)
Poeng
Semifinalane 1 025
Finalane 368
Totalt 1 393

HistorikkEndra

Det er den kviterussiske rikskringkastaren BTRK som sender Eurovision Song Contest i Kviterussland, og som vel det kviterussiske bidraget til Eurovision Song Contest. Kviterussland debuterte i 2004, same år som Den europeiske kringkastingsunionen innførte semifinalar i Eurovision Song Contest. Berre seks gongar har Kviterussland kvalifisert seg til finalen, sist gong i 2019, Den beste plasseringa kom i 2007, då Dzmitry Kaldun vart nummer seks i finalen. Den dårlegaste plasseringa kom i 2010 og 2019, då dei kviterussiske bidraga hamna på 24.-plass.

I 2017, valde Kviterussland for fyrste gong eit bidrag på kviterussisk, då Naviband og songen «Historyja majho zjytstsia» vann den nasjonale finalen. I den internasjonale finalen fekk songen engelsk tittel, men teksten var på kviterussisk.[2]

Bråk om vinnararEndra

Kviterussland har fleire gongar vakt oppsikt for si kronglete og til tider farse-liknande nasjonale tevling, Eurofest. I 2012 vart vinnaren av Eurofest, Alena Lanskaja, diskvalifisert etter påstandar om at produsenten hennar hadde rigga telefonrøystinga. Ei gransking viste at påstandane var sanne, og Lanskaja vart diskvalifisert. I staden fekk andreplassen, Litesound, representere Kviterussland i Baku.[3][4] I 2005 bytta plutseleg Andzjalika Ahurbasj ut låten «Boys And Girls» med «Love Me Tonight» etter laber mottaking frå sjåarar og fans. Også i 2010 og 2011 vart dei opprinnelege songane bytta ut med nye.[5] Fleire gongar har også den omstridte presidenten til Kviterussland, Aljaksandar Lukasjenka, blanda seg inn i planlegginga av den nasjonale uttakinga.[6][7]

Før Eurofest 2018 kom det fram at eitt av bidraga hadde vore framført offentleg allereie i mai 2017 - før tidsfrista til EBU 1. september 2017. Det dreia seg om artisten Alekseev, som hadde framført ein russisk versjon av bidraget «Forever» i Stavropol, og opptak av framsyninga dukka opp på det russiske nettsamfunnet VK.[8] Seks deltakarar i den kviterussiske finalen trua med å trekkje seg om «Forever» fekk lov til å deltake, og ein av deltakarane, Sofi Lapina, endte med å faktisk trekkje seg.[9][10] Til slutt avgjorde BTRK at songen skulle få deltake, etter å ha gjennomgått enkle justeringa i melodi og arrangement. «Forever» endte opp med å vinne den kviterussiske finalen.[11]

BidragaEndra

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2004 Aleksandra & Konstantin «My Galileo» Engelsk Ikkje kvalifisert 10 19
  2005 Anzjalika Ahurbasj «Love Me Tonight» Engelsk 67 13
  2006 Palina Smolava «Mum» Engelsk 10 22
  2007 Dzmitryj Kaldun «Work Your Magic» Engelsk 145 6 176 4
  2008 Ruslan Aljakhno «Hasta La Vista» Engelsk Ikkje kvalifisert 27 17
  2009 Pjotr Jalfimaw «Eyes That Never Lie» Engelsk 25 13
  2010 3+2 «Butterflies» Engelsk 18 24 59 9
  2011 Anastasija Vinnikava «I Love Belarus» Engelsk Ikkje kvalifisert 45 14
  2012 Litesound «We Are the Heroes» Engelsk 35 16
  2013 Alena Lanskaja «Solayoh» Engelsk 48 16 64 7
  2014 TEO «Cheesecake» Engelsk 43 16 87 5
  2015 Uzari og Maimuna «Time» Engelsk Ikkje kvalifisert 39 12
  2016 IVAN «Help You Fly» Engelsk 84 12
  2017 Naviband «Story of My Life» Kviterussisk 83 17 110 9
  2018 Alekseev «Forever» Engelsk Ikkje kvalifisert 65 16
  2019 ZENA «Like It» Engelsk 31 24 122 10
  2020 VAL «Da vidna» Kviterussisk Avlyst

Røystegjeving (2004-2019)Endra

FinalaneEndra

Kviterussland har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1   Russland 166
2   Ukraina 126
3   Aserbajdsjan 71
4   Noreg 66
5   Sverige 53

Kviterussland har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1   Ukraina 50
2   Russland 41
3   Aserbajdsjan 32
4   Georgia 31
5   Moldova 26

SemifinalaneEndra

Kviterussland har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1   Ukraina 89
2   Litauen 65
3   Georgia 54
4   Moldova 53
5   Israel 52

Kviterussland har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1   Ukraina 105
2   Litauen 71
3   Georgia 56
4   Moldova 51
5   Russland 48

GalleriEndra

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. «Belarus – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 14. desember 2016. 
  2. «About Naviband». www.eurovision.tv. Henta 1. april 2017. 
  3. Łukasz Grajewski (25. februar 2012). «Belarus: Who Stole Eurovision National Finals». Eastbook.eu. Henta 14. desember 2016. 
  4. Olena Omeljantsjuk (24. februar 2012). «Litesound as new Belarusian representative in Baku». eurovision.tv. Henta 14. desember 2016. 
  5. Charlotte Jensen (26. november 2013). «60 songs received in Belarus». eurovisionary.com. Henta 14. desember 2016. 
  6. Harry Darby (22. mai 2009). «Belarus president criticises team». esctoday.com. Henta 14. desember 2016. 
  7. «Lukashenka recognizes vote rigging at national selection contest». Belsat. 27. februar 2012. Henta 14. desember 2016. 
  8. Adams, William Lee (10. januar 2018). «Forever (and Before): Should Belarus disqualify Alekseev over earlier performances of song submission?». wiwibloggs. Henta 24. februar 2018. 
  9. «Finalists threaten to withdraw if Alekseev is allowed in national final». wiwibloggs (engelsk). 15. januar 2018. Henta 4. mars 2018. 
  10. «Sofi Lapina withdraws from Belarus' national selection over Alekseev». wiwibloggs (engelsk). 16. januar 2018. Henta 4. mars 2018. 
  11. https://eurovoix.com/2018/02/23/belarus-ebu-alekseev-eurovision-2018/

KjelderEndra