Kvitpannegerygone

art av sporvefuglar
Kvitpannegerygone
Illustrasjon av Charles Joseph Hullmandel
Illustrasjon av Charles Joseph Hullmandel
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvitpannegerygone
Utbreiinga av Kvitpannegerygone
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Infraorden: Meliphagida
Familie: Tornsmettfamilien Acanthizidae
Slekt: Gerygonar Gerygone
Art: Kvitpannegerygone G. albofrontata
Vitskapleg namn
Gerygone albofrontata

Kvitpannegerygone (Gerygone albofrontata) er ein liten sporvefugl i tornsmettfamilien, endemisk for Chathamøyane utanfor austkysten av New Zealand. Han liknar gerygoneNordøya og Sørøya, men kvitpannegerygonar har lengre nebb og brunare fjørdrakt.

Skildring endre

Denne arten måler ca. 12 centimeter i kroppslengd og har kroppssvekt på 8,5 til 10 gram, hannfuglar er tyngst. Hannar har mørke felt på venger og hale, eit markert kvitt augebryn som går rundt panna, og har framtredande kvit hals, bryst og underside. Hoer er gråare på underside og bryst og manglar det kvite partiet i panna.

Kvitpannegerygonar lever i skog og krattskog på mange av dei sørlege Chathamøyane inkludert Pitt Island, og på den skogkledde sørlege delen av hovudøya. Detter er ein insektetande art, det meste av føda plukkar dei frå bladverk og sprekker i trestammar og greiner. Dei beitar òg insekt blant nedfall av blad på bakken. Blant byttedyra inngår larver, fluger, kongroer og biller.

Dei bygg overbygde, hengjande reir med sideinngang på tre cm i tverrsnitt, kring seks meter over bakken eller lågare. Eit kull er på typisk tre kvite egg som hoa rugar i 20 dagar. Etter det tar det ca. 20 dagar til ungane er flygedyktige, og foreldra kan fôre dei opptil 24 dagar etter at dei forlét reiret. Unge fuglar startar hekking når dei er to år, og kvitpannegerygonar kan nå ein levealder på opptil sju år.

Arten har status som livskraftig, om fuglane finst over store område er dei ikkje vanlege nokon stader. Storleiken på populasjonen er ikkje talfesta, men er trudd å vere minkande.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvitpannegerygone