Kyrkja i Wales

Kyrkja i Wales er den anglikanske kyrkja i Wales.

Kyrkja i Wales

engelsk Church in Wales

walisisk Yr Eglwys yng Nghymru
Coat of Arms of the Church in Wales.svg
Våpen
Skipa1920
HovudkontorCardiff
OpphavDen engelske kyrkja
LeiarErkebiskopen av Wales, John Davies.
Kyrkja anerkjenner erkebiskopen av Canterbury som andeleg leiar

Frå Reformasjonen til 1920 var den anglikanske kyrkja i Wales del av Den engelske kyrkja, og statskyrkja i Wales var Den engelske kyrkja. Tidleg på 1900-talet, under press frå frikyrkjelege politikarar, vedtok det britiske parlamentet å skilje den anglikanske kyrkja i Wales frå Den engelske kyrkja gjennom Welsh Church Act 1914. I 1920 vart Kyrkja i Wales fristilt. Dette førte til at Wales, i motsetnad til England, ikkje lenger hadde noka statskyrkje.

Kyrkja i Wales er derfor fullstendig uavhengig av både staten og Den engelske kyrkja; men Kyrkja i Wales anerkjenner erkebiskopen av Canterbury som titulær andeleg leiar av Den anglikanske kommunionen, sjølv om han ikkje har formell myndigheit over Kyrkja i Wales.

Kyrkja i Wales er medlem av Porvoo-fellesskapet.

Kyrkja tillét prestevigsel av kvinner i 1996, og den første kvinnelege presten blei verksam i januar 1997. I 2008 var meir enn 20 % av prestane i kyrkja kvinner. I 2013 godkjende kyrkja at kvinner kunne bli biskopar.[1]

KjelderEndra

  1. «Church in Wales | Anglicanism». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 1. august 2017. 

BakgrunnsstoffEndra