Konsilet i Efesos

(Omdirigert frå Kyrkjemøtet i Efesos)

Konsilet i Efesos var det tredje økumeniske konsilet. Det blei halde i 431 i Efesos (i dagens Tyrkia) under keisar Theodosius II.

Hovudtemaet for konsilet var nestorianisme, ein retning innan kristendommen som sterkt framheva den menneskelege naturen til Jesus Kristus. Konsilfedrene meinte at for mykje vektlegging av den menneskelege naturen hans overskugga den guddommelege delen.

Spire Denne kristendomsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.