Kysnesstranda

(Omdirigert frå Kysnesstrand)

Kysnesstranda, også skrive Kysnesstrand eller berre Kysnes, er ei bygd i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Bygda ligg ved Hissfjorden, som er ein delfjord til Hardangerfjorden, kring 15 kilometer sørvest for Jondal sentrum. Kysnesstranda strekkjer seg frå Hammaren, der kommunegrensa mot Kvinnherad går, til Grotnes.[1]

Kysnesstranda
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5626 KYSNESSTRAND
Kart
Kysnesstranda
60°12′15″N 6°06′49″E / 60.20416667°N 6.11361111°E / 60.20416667; 6.11361111

Viktige næringsvegar er landbruk og havbruk, men mange har arbeidet sitt i kommunesenteret Jondal.[1]

Kysnesstranda har vegsamband via Fylkesveg 107 som går mellom Jondal sentrum og Hessvik i Kvinnherad kommune.

Området høyrde fram til 1964 til tidlegare Strandebarm kommune.

Fotnotar endre