Opna hovudmenyen
Kystsletta Daudmansøyra i Oscar II LandSpitsbergen.
Sletta ved Gobichettipalayam i India med utsyn mot Dei vestlege Ghatfjella.

Ei kystslette er eit område med flatt lågland nær ein kyst som er skilt frå innlandet av andre landformer, som fjell.[1] Slike sletter kan dannast på to ulike måtar. I den eine blir dei bygde opp av materiale som blir frakta av elver over tid. I den andre er dei ein del av kontinentalsokkelen som går over til å bli landjord når havnivået søkk.[1]

Ei av dei lengste kystslettene i verda finn ein vest i Sør-Amerika, mellom Andesfjella og Stillehavet.[1] Den sørvestlege kystsletta i Nord-Amerika er særmerkt av artsmangfaldet sitt. Golfkystsletta i Nord-Amerika strekkjer seg nordover frå Mexicogolfen langs Mississippielva til Ohioelva, ein avstand på om lag 800 km. I krittida var området midt i det som i dag er USA dekt av ein grunn innsjø som forsvann etter kvart som landet heva seg. Store fossil av sjøfuglane Hesperornis og Ichthyornis som vart funne vest i Kansas, viser at innsjøen var rik på fisk. Kystsletta langs Mississippielva kan knytast til ein om lag 6 000 år gammal grunn innsjø.

I India ligg kystsletter på kvar side av Deccan-platået ved aust- og vestkysten. Dei målar kring 6 100 km frå Rann of Kutch i vest og Vest-Bengal i aust, til eit møtepunkt i Kanyakumari på sørspissen av det indiske fastlandet.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «coastal plain». 1996-2015 National Geographic Society.