Lákmos (gresk Λάκμος) er eit fjell i den austlege delen av Ioánnina og den vestlege delen av Tríkala i Hellas. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 2 295 moh. Det høgaste punktet heiter Tsoukaréla (Τσουκαρέλα). Fjellet er om lag 30 km langt og 15-20 km breitt. Elva Árakhthos renn i vest, Metsovítikos i nord og kjelda til Akhelóos ligg i aust. I sør renn Kalarrýtikos og Melissourjítikos i sørvest.

Lákmos
Λάκμος
fjell
Land  Hellas
Område Ípiros
Høgd 2 295 moh.
Koordinatar 39°41′N 21°07′EKoordinatar: 39°41′N 21°07′E
Kart
Lákmos
39°40′0″ N 21°7′0″ E
Wikimedia Commons: Lakmos

Frå toppen kan ein sjå dei austlege områda av Ioánnina heilt til dalen langs Aóos (Vjosë), byen Ioánnina og Pamvótidasjøen. Ein kan òg sjå dei vestlege områda av Tríkala og Piniósdalen.

Næraste stader endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre