Løe

(Omdirigert frå Låve)

Løe eller låve er ein gardsbygning ein kan bruka til å lagra høy eller anna tørrfor til husdyr, og til å lagra korn før tresking. Frå gammalt av var det mange løer på ein gard, kvar med sitt føremål. I dag kan omgrepet løe brukast om eit rom til å lagra for i ein større driftsbygning, og det kan brukast som namn på heile bygningen.

Uteløe på Moneslåtten på Øynaheia i Froland i Agder.

«Å lø» tyder å stabla (opp) noko, t.d. stein, stråfôr eller korn.

Kornløer, forløer og uteløerEndra

I det førindustrielle jordbruket hadde ein gard fleire bygningar, og det kunne vera mange løer ved eit tun og på ein gard. Den store løa i gardstunet var først og fremst for å lagra kornneka fram til treskinga. Denne kunne ein òg kalla kornløa. Dersom det var plass kunne ein òg bruka denne løa til å lagra for. Det var som regel eigne forløer – nokre plasserte i tunet, andre var uteløer som var plasserte vidt omkring i utmarka til garden, på setra, i skogen eller på fjellet. I tunet kunne det vera spesielle løer for høy hestane skulle ha i våronna.

Det er i dag vanleg å bruka nemningane løe og låve om kvarandre. I nyare tid har både løa og låven blitt til rom den store driftsbygning på garden, og denne bygningen kan ein kalla både uthus, løe, låve og fjøs.

LandbruksutviklingEndra

Bruken av tørrhøy har minska i norsk landbruk dei siste 50 åra. Etter krigen blei det etterkvart vanleg med ensilering, dvs. nedlegging av utørka høy blanda med silosyre i eit røyrforma loddrettstående bygg som blir kalla ein silo.

Etter ca. 1990 er siloane blitt avløyst av rundballane som består av nyslege gras (høy) som blir rulla i plast saman med silosyre. Rullen blir tetta og kan lagrast utandørs til han skal brukast.

Silo og rundballar reduserte behovet for løer til lagring av for til eit minimum i dagens jordbruk. Behov for kornløa til lagring av kornnek før tresking forsvann med skurtreskaren.

Løa i nordisk kulturlandskapEndra

Noreg er eit land der tilnærma alt husdyrhald var basert på innsamling av vinterfor og inneforing av dyra. Difor var lagerrom heilt nødvendige, og løene var ein dominerande bygningstype i det norske kulturlandskapet. Det gjaldt både dei små forløene og dei store driftsbygningane.

Bilde av løer frå ulike landEndra

KjelderEndra

LitteraturEndra

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår gamle bondekultur. J.W.Cappelens forlag. Oslo 1971. Bind I s. 134 - . Digital bok i Bokhylla.no