Lækjarar Utan Grenser
Lækjarar Utan Grenser (fransk Médecins Sans Frontières, MSF) er ein internasjonal hjelpeorganisasjon. Dei har internasjonalt kontor i Sveits. Lækjarar Utan Grenser er ein nøytral, upartisk og sjølvstendig, medisinsk ikkje-statleg organisasjon som reddar liv og lindrar naud. Organisasjonen hjelper dei som har størst trong for medisinsk hjelp, uavhengig av etnisk, politisk, og religiøs tilhøyre. Dei held seg også nøytrale i krig og konfliktar.
Lækjarar Utan Grenser | |||
| |||
Type | sveitsisk forening | ||
---|---|---|---|
Skipa | 21. desember 1971 | ||
Hovudkontor | Genève | ||
Omsetjing | 1 901 707 000 euro (2020) | ||
Nettstad | https://www.msf.org |
Lækjarar Utan Grenser gir naudhjelp til menneske i krig, kriser og katastrofar, og menneske som ikkje har tilgang til helsetenester. Organisasjonen varslar om overgrep og gløymde kriser og driv langsiktig arbeid blant folkegrupper som lever i kroniske krisesituasjonar. Millionar av menneske verda over manglar tilgang til grunnleggjande helsetenester grunna krig, konflikt, naturkatastrofar eller fattigdom. Det er desse menneska arbeidet til Lækjarar Utan Grenser rettar seg mot.
Over 30 000 personar – for det meste lokale legar, sjukepleiarar og anna medisinsk personale, logistikkekspertar og vass- og sanitæringeniørar og administrative tilsette – gir tilbod om medisinsk hjelp i over 70 land. I 2016 gjennomførte Lækjarar Utan Grenser over 9 millionar konsultasjonar. I same år assisterte dei over 250 000 fødslar, gjorde 1,2 millionar vaksinasjonar og behandla 2,5 millionar tilfelle av malaria. Lækjarar Utan Grenser vart stifta i 1971, etter Biafrakrigen. Grunnleggarane var ei gruppe franske legar og journalistar som ynskte å gi tilbod om medisinsk hjelp, uavhengig av rase, religion og politisk tilhøyrsle. For å oppnå dette målet, legg organisasjonen vekt på «uavhengig og upartiskheit». Det vil mellom anna sei at avgjersler vert tekne uavhengig av politiske, religiøse og økonomiske faktorar. For å tryggje sjølvstendet til organisasjonen, tek Lækjarar Utan Grenser imot få midlar frå statar og andre institusjonar. Over 80% av midla kjem frå private aktørar. Dette gjer det mogeleg for Lækjarar Utan Grenser å heve røysta si når det kjem til krig, korrupsjon og andre hinder for medisinsk hjelp.
Lækjarar Utan Grenser har ein rådgjevande status i SNs økonomiske og sosiale råd. Lækjarar Utan Grenser tok i 1999 i mot Nobels Fredspris på grunn av jobben deira om å gi tilbod om medisinsk hjelp i akutte kriser og å gjere folk merksame på potensielle humanitære katastrofar.
Struktur
endreLækjarar Utan Grenser vart skipa i Frankrike i 1971 og er politisk og religiøst uavhengig. Målsetjinga deira er å hjelpa folkegrupper i naud, offer for naturkatastrofar eller menneskeskapte katastrofar og offer i væpna konfliktar. Dei ynskjer å ikkje diskriminera på bakgrunn av rase, religion eller politisk tilhøyrsle. Dei er vortne mest kjende for arbeid i katastrofeområde, men dei driv også langsiktig arbeid blant mindre heldig stilte folkegrupper i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Europa. Dei har rundt 3000 tilsette lækjarar og over 15 000 lokale tilsette.
Lækjararar Utan Grenser har fem operasjonelle senter i Brüssel, Paris, Amsterdam, Barcelona og Geneve. I tillegg har dei seksjonar i 19 land: Belgia, Frankrike, Nederland, Spania, Sveits, Noreg, Danmark, Sverige, Hong Kong, Italia, Tyskland, Storbritannia, USA, Australia, Canada, Japan, Austerrike, Luxembourg og Hellas.
Lækjarar Utan Grenser vann Nobels fredspris i 1999 "i erkjenning av det humanitære pionérarbeidet til organisasjonen på fleire kontinent."
I Noreg
endreDen norske greina av organisasjonen, Leger Uten Grenser vart skipa i 1996 og har kontor i Oslo. Håkon Bolken er styreleiar for den norske organisasjonen.
Utval av arbeidet til Lækjarar Utan Grenser gjennom tidene
endre- 1971: Skiping i Frankrike i 1971.
- 1974: Arbeid i Kambodsja under Raude Khmer-regimet.
- 1976: Arbeid under krigen i Libanon.
- 1980: Arbeid under den afghansk-sovjetiske krigen.
- 1984: Arbeid under svoltkatastrofen i Etiopia.
- 1985: Arbeid med flyktningar i Honduras.
- 1986: Arbeid under borgarkrigen på Sri Lanka.
- 1988: Arbeid etter jordskjelvet i Armenia.
- 1990: Arbeid under borgarkrigen i Liberia.
- 1991: Arbeid under borgarkrigen i Somalia.
- 1991: Arbeid med kurdiske flyktningar frå Nord-Irak.
- 1991: Arbeid under krigen i Bosnia.
- 1992: Arbeid under svoltkatastrofen i Somalia.
- 1992: Arbeid under borgarkrigen i Afghanistan.
- 1993: Arbeid under borgarkrigen i Burundi.
- 1994: Arbeid etter folkemordet i Rwanda.
- 1995: Arbeid under krigen i Tsjetsjenia.
- 1996: Vaksinearbeid mot hjernehinnebetennelse-epidemien i Nigeria.
- 1998: Arbeid under svoltkatastrofen i Sør-Sudan.
- 1998: Hjelpearbeid i Latin-Amerika etter orkanen Mitch.
- 1999: Arbeid i Kosovo.
- 2000: Arbeid under borgarkrigen i Sierra Leone.
- 2000: Oppstart av hjelpearbeid for folk som er smitta av HIV/ AIDS.
- 2002: Arbeid under svoltkatastrofen i Angola.
- 2002: Arbeid mot malaria-epidemien i Afrika.
- 2004: Naudhjelp til Darfur i Sudan.
- 2004: Naudhjelp til Søraust-Asia etter tsunamien i 2004.
- 2005: Arbeid etter jordskjelvet i Kashmir i Pakistan og India.
- 2008: Arbeid etter syklonen i Myanmar.
- 2009: Arbeid i Gaza etter rakettangrep frå Israel.
- 2010: Hjelpearbeid etter jordskjelvet i Haiti 2010.
- 2013-2015: Arbeid med Ebolaepidemien i Vestafrika.
Kjelder
endre«Leger_Uten_Grenser» i Store norske leksikon, snl.no., skriven av Geir Sverre Braut.