Ei lørje, eller lorje, er ein større, enkel og flatbotna pram (ein type lekter) som typisk er butt i begge ender. Det er eit tilnærma firkanta fartøy som gjerne følgde med andre båtar (fraktebåtar, slepebåtar osv.) og vart brukt som landgangsfartøy for folk og fe og/eller som ein eller fleire ekstra frakteplattformer. Det er òg skildra slike farkostar/lørjer som var spisse i endane, men det er uklart om typen då kan kallast ei lørje. Ein slepebåt kunne slepa fleire lørjer samstundes. Båttypen vart nytta såvel på elver og innsjøar, som langs kysten.

Etymologien til ordet er ukjend. Uttrykket er likevel òg brukt om båtar som er i særs dårleg forfatning (som med nemninga holk).

Sjå òg endre

Kjelder endre