Laika var ein sovjetisk romhund, blandingshund og tidlegare gatehund. Ho vart det fyrste dyret til å gå i bane kring jorda, om bord i satellitten Sputnik 2.

Frimerke frå Romania til minne om Laika (1959)

Laika døydde av overoppheiting etter at temperaturen i satellitten nådde 40 °C. Varmekontrollsystemet i satellitten fungerte ikkje av di fråskiljinga av Blok A-kjernen i bane ikkje var vellukka. Dessutan hadde noko av isolasjonen på satellitten vorte riven laus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Tandberg, Erik. (14. februar 2009). Laika. I Store norske leksikon.