Øvresjøen

Innsjø i Nord-Amerika
(Omdirigert frå Lake Superior)
Øvresjøen
innsjø
Solnedgang frå Michigan
Land  USA,  Canada
Tilsig Nipigon River,
Saint Louis River
Pigeon River
Pic River
White River
Michipicoten River
Kaministiquia River
Utløp St. Marys River
Opphaldstid 191 år
Høgd over havet 183 moh.
Lengd 563 km
Breidd 257 km
Areal 82 414 km²
Middeldjupn 147 m
Største djupn 406 m
Volum 12 100 km³
Kystlengd1 4 385 km
Koordinatar 48°00′N 88°00′W
Øyar Isle Royale
Apostle-øyane
Byar Duluth
Superior
Thunder Bay
Marquette
Sault Ste. Marie
Kart
Øvresjøen
47°31′44″ N 87°45′36″ W
Wikimedia Commons: Lake Superior
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Øvresjøen (engelsk Lake Superior, fransk Lac Supérieur, ojibwe Gitchigami) er den største av dei fem store innsjøane Great Lakes som ligg på grensa mellom Canada og USA. Han grensar til Ontario i Canada og Minnesota, Wisconsin og Michigan i USA.[1]

Øvresjøen er med sine 82 000 km² den største ferskvatn-innsjøen i verda rekna i areal, Kaspihavet er større men er av saltvatn, og Bajkalsjøen i Sibir har større volum. Største lengde og breidde er 563 og 257 kilometer. Middeldjupna er 149 meter og han er 406 meter djup på det djupaste og inneheld 12 232 km³ vatn, kring 10 % av ferskvatnet på jordoverflata.[2]

Strendene, inkludert øyene, har ei total lengde på 4 393 kilometer. Den største øya i innsjøen er Isle Royale. Over 200 elver har utløpet sitt i sjøen, dei største er Nippigon River, St. Louis River, Pigeon River, Pic River, White River, Michipicoten River og Kaministsquia River. Vatnet i sjøen renn ut i Huronsjøen via St. Marys River, og så til dei lågare store sjøane til St. Lawrence River, som renn ut i Atlanterhavet.

Viktige byar ved Øvresjøen er Duluth, Thunder Bay, Marquette, Sault Ste. Marie i Ontario og Sault Ste. Marie i Michigan.

Namnet endre

ojibwe er sjøen kalla «Gichigami», som tyder ‘stort vatn’, men sjøen er betre kjent som «Gitche Gumee». Dette kjem av at Henry Wadsworth Longfellow nytta dette namnet på sjøen i det episke diktet om Hiawatha som heiter The Song of Hiawatha. Øvresjøen er også referert til som «Gitche Gumee» i songen The Wreck of the Edmund Fitzgerald av Gordon Lightfoot. Det var franskmennene som gav sjøen namnet le lac supérieur eller Øvresjøen fordi han låg ovanfor Huronsjøen.

Dei store sjøane endre

Øvresjøen (mørkare blå) og dei andre store innsjøane

Dei store sjøane består av fem innsjøar; Øvresjøen, Michigansjøen, Huronsjøen, Eriesjøen og Ontariosjøen

Kjelder endre

  1. Minnesota Sea Grant. «Superior Pursuit: Facts About the Greatest Great Lake». University of Minnesota. Arkivert frå originalen 21. juli 2017. Henta 9. august 2007. 
  2. Bencomo, Phil (6. oktober 2015). «Just How Big is Lake Superior?». Lake Superior Magazine (på engelsk). Henta 9. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Øvresjøen