Lakselvbukt naturreservat

Lakselvbukt naturreservat er eit naturreservat i Tromsø kommune i Troms. Det omfattar eit våtmarksområde ved bygda Lakselvbukt i Sørfjorden (indre del av Ullsfjorden), rundt 12 kilometer frå fjordbotnen. Vestre del av området omfattar ytre del av estuaret til Lakselva, medan den mindre Leirelva munnar ut i den austre delen av området. Reservatet består av eit stort strandengkompleks med vegetasjon av nordleg type, med soneringar frå salteng til brakkvannseng. Pølar med trådtjønnaks er godt utvikla, noko som er sjeldan i Troms. Området har regionalt verd i botanisk samanheng.[1]

Reservatet vart oppretta i 1995 for å verne eit stort strandengkompleks i ei bukt med elvemunning.[1]

Kjelder endre