Opna hovudmenyen

Laksevåg Turn- og Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelane Laksevåg og Loddefjord, skipa 8. november 1945. Idrettslaget er aktivt med i fotball, friidrett og turn. Tidlegare dreiv ein også med handball, orientering, symjing og ski. Laksevåg sine lag spelar i kvite drakter og grøne bukser.

Laksevågs mest kjende utøvarar er turnarane Thorbjørn Ingvaldsen og Trygve Gjerstad, aktive i 1960-åra, og friidrettsutøvarane Geirmund Holsen, Geir Søgnebotten og Ingvild Larsen, aktive på 1980- og 1990-talet.

Laksevåg TI vart danna då Laksevåg Arbeideridrettslag, A.I.L. Amatør, Laksevåg Turnforening, Laksevåg Idrettslag, Laksevåg Svømmeklubb og Sportklubben Ulabrand slo seg saman. Sidan Laksevaag Turnforening var det eldste av dei samanslutta laga, nyttar Norges Idrettsforbund 28. september 1900 som offisiell skipingsdato.

KjelderEndra