Lambdapunktet for helium er temperaturen 2,17 K, og er den temperaturen der helium går frå flytande til superflytande tilstand. Ved denne temperaturen er tettleiken til helium og varmekapasiteten størst. Den superflytande væska har særleg liten viskositet. Han kan difor trenge gjennom dei finaste kapillarrøyr og vil trekkje seg oppover og spreie seg utover veggene i dei kara han vert oppbevart i.

Kjelder

endre