Opna hovudmenyen
Brynseng T-banestasjon. Næraste jarnbanestasjon er Bryn stasjon på Hovedbanen.
T-bane på Lambertseterbanen og bytrikk på Østensjøbanen i 1966.

Lambertseterbanen er ei av linjene i T-banenettet i Oslo, og har Bergkrystallen stasjon på Lambertseter sør i Oslo som endestasjon. Banen opna i 1966 som T-bane på strekninga frå Bergkrystallen til Brynseng T-banestasjon, der banen er kopla til tunnelen som då var nybygd fram til Jernbanetorget i Oslo sentrum, men som seinare vart lengd og gjort om til ei fellesstrekning for T-banane gjennom Oslo sentrum. Lambertseterbanen går parallelt med T-banelinja Østensjøbanen mellom Brynseng stasjon og til eit stykke etter at jarnbanelinja Hovedbanen er kryssa i bruer over jarnbanelinja. Då banane har kvar sine spor og perrongar på Brynseng stasjon, er denne stasjonen utforma annleis enn det som er vanleg for T-banestasjonane i Oslo.

Lambertseterbanen var opphavleg bygd som forstadsbane for bytrikk frå Brynseng til Bergkrystallen, opna i 1957, i samband med den store drabantbyutbygginga på Lambertseter i 1950-åra, og ombygd til T-banestandard seinare. Den noverande T-banelinja Østersjøbanen var likeeins ein forstadsbane for bytrikk på denne tida, knytt til trikkenettet i Oslo ved ei linje over Etterstad, og Lambertseterbanen vart bygd som ei sidelinje til Østensjøbanen. Til å byrje med gjekk trikkane på Lambertseterbanen i ei rute mellom Kjelsås og Bergkrystallen via Torshov - Storgata - Etterstad, men frå 1960 berre mellom Jernbanetorget framfor jernbanestasjonen Oslo Ø og Bergkrystallen.

BakgrunnsstoffEndra