Landösjön

Landösjön (Landögssjön) er ein lang og smal innsjø i Offerdal i Krokom kommun i Jämtland i Sverige. I øvre enden av innsjøen ligg Rönnöfors, der det er restar etter eit gammalt jernverk.

Rönnöfors jernverk ved Landösjön

Långan drenerer innsjøen til Indalsälven. Ved nordsida av innsjøen (Nolasjön) ligg busetnadane Vejmon, Trången, Fiskviken, Anvågen, Enarsvedjan, Tjärnåsen, Brattmon, Rismon, Kittelberget og Landön. Ved sørsida ligg Lien.

Landösjön er òg den einaste innsjøen i Sverige med to sportsfiskerekordar. Den 2. august 2007 vart det teke ei røye på 10,83 kg, og den 22. juni 2009 ei kanadarøye på 11,449 kg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 63°34′0″N 14°11′0″E