Landbruksmuseet for Møre og Romsdal

landbruksmuseum i Vestnes i Møre og Romsdal i Noreg

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal ligg på Gjermundnes i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Museet vart opna 8. august 1981. Landbruksmuseet for Møre og Romsdal er ei avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum.

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal
Landbruksmuseet i Romsdal.jpg
StadVestnes
Skipa1981

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal
62°37′26″ N 7°9′53″ E

BakgrunnEndra

Storgarden Gjermundnes var i lang tid futegard. Ein del av garden vart i 1898 kjøpt av fylkeskommunen. Gjermundnes landbruksskule vart plassert her. På skulen vart det oppsett ny driftsbygning i 1908. På 1970-talet vart denne bygningen avløyst av ein ny. Det vart diskusjon om den gamle skulle rivast eller takast vare på. Denne diskusjonen førte til at «Landbruksmuseet på Gjermundnes» vart skipa i 1979. Formålet var at det skulle vere «ein institusjon til å ta vare på og verne om den gamle driftsbygningen», og å «skape eit museum for jord-, skog- og hagebruk for Møre og Romsdal». Dei som arbeidde for museet fekk god hjelp av elevar og lærarar ved landbruksskulen med å stelle i stand bygningen og området rundt.

Internatbygget frå 1898Endra

Utover funksjonen som bustad og undervisningsstad hadde internatet tidlegare ein eigen matsal for elevane, kor fast tilsett kokke og kjøkkenpersonalet elles delte ut mat gjennom ei luke i veggen. Ved måltida satt elevane langs langbord på langbenkar. Museet har med jamne mellomrom besøk av tidlegare landbruksskuleelevar som kan fortelje om si tid som elevar ved skulen på 1940 og 1950-talet. Mange av desse noverande pensjonistane minnast måltida og det sosiale livet på internatet som gode opplevingar, men samstundes påpeikar dei att kosten var noko einsidig i høve til mellom anna tettheita av spekesildmåltid. Ungdommar den tida og i dag har ein god del ulike føresetnader, men ulovleg ølbrygging og fruktslang dreiv dei med har nokre av dei fortalt.

Museumslåven frå 1907Endra

På slutten av 1970-talet ville det offentlege rive den tidlegare driftsbygninga tilhøyrande landbruksskulen. Bygninga var i dårleg stand og umoderne med tanke på opplæring innan fjøsdrift og dyrehald. Ein del personar som var genuint opptekne av å ta vare på kulturhistora knytt til skulegarden og driftsbygninga fekk omgjort rivingsvedtaket. Dette vart grunnlaget for å få etablert eit fylkesdekkande landbruksmuseum på Gjermundnes.

Utan bevaringa av låven frå 1907 og seinare oppgradering og vedlikehald av internatbygget frå 1898 hadde det ikkje vore noko landbruksmuseum her på staden i dag. Til låve frå hundreårsskifte å vere er låven på museet usedvanleg stor. Normal storleik på ein låve på gardane i denne regionen har vore ca. 150-250 kvadrat, medan den tidlegare driftsbygninga på landbruksskulen er ca 2000 kvadratmeter.

Låven hadde i si brukstid ei lang rekke funksjonar. Her var det grisefjøs, oksestasjon, sauefjøs, moderne båsfjøs for kyr og ein stor stall som husa skulegardens viktigaste arbeidshjelp utover tilsette og elevar, nemleg hesten. Elles var det behov for stort areal på låven til oppbevaring og tørrhøy til ein stor dyreflokk i fjøsa som måtte ha vinterfor. Utover nødvendig areal med tanke på stort dyrehald og lagringskapasitet til for, var det potetkjellarar og kålrabikjellar til lagring av sjølvdyrka rotfrukt på garden.

Eit sentralt moment var å gje landbruksskuleelevar frå heile fylket praktisk undervisning i ei lang rekke fag knytte til ei kraftig modernisering av landbruket. I denne låven har mang ein tidlegare odelsgut og seinare odelsjente lært seg husdyrfag og rasjonelt fjøsstell.

KjelderEndra

  • Landbruksmuseet på Gjermundnes Småskrift nr.1. Gjermundnes 1982