Landsgymnas

gymnasutdanning til bygdeungdom

Landsgymnas er ei tidlegare skuleform i Noreg. Skulane var i hovudsak internatskular som frå byrjinga var privatskoler, og som var bygd og drive for å gje gymnasutdanning til bygdeungdom.

Landsgymnasa eksisterte frå 1916 til 1964, og det var i alt 12 landsgymnas i Noreg: Volda, Voss, Hornnes, Eidsvoll, Firda, Orkdal, Bryne, Steinkjer, Vinstra, Finnfjordbotn, og Alta.

Bakgrunn og idehistorie endre

Sjå også: Norsk utdanningshistorie

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det sterke krefter både i byane og på landsbygda som arbeidde for folkedanning.[1] Den norske almenta kunne lese, og mange også skrive allereie frå slutten av 1700-talet.[2][3] Sosial utjamning var eit viktig mål for skulefolket, men også målsaka var sentral i debatten på denne tida.[4]

Dei fyrste offentlege landsgymnasa var Voss, Eidsvoll og Hornnes. Vitnemåla synte at skulane på bygdene kunne måle seg med byane. Etter eit tilbakeslag under andre verdskrigen fekk landsgymnasa ein gullalder der staten dekte drifta ved alle skulane.

I 1964 vart 9-årig grunnskule innført og landsgymnasa, som var fireårige, gjekk over til å verte treårige gymnas. Siste opptak for fireårig gymnas var i 1967 - med opptaksprøver der folkeskulepensumet vart lagt som grunnlag.

Kjelder endre

  1. Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998. ISBN 82-530-2336-7
  2. Jostein Fet: Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo 1995.
  3. Jostein Fet: Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850. Oslo 2003.
  4. Reidun Høidal: Upp og fram! Landsgymnaset vert til. I: Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Samlaget 2007. ISBN 978-82-521-7138-9

Litteratur endre