Lange
- For etternamnet, sjå namnet Lange.
Lange (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrekt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 40 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.
Lange | |
![]() Lange | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av lange | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Underfamilie: | Lotinae |
Slekt: | Molva |
Art: | Lange M. molva |
Vitskapleg namn | |
Molva molva |
Utbreiing
endreLanga lever i temperert klima i Nord-Atlanteren, Nordsjøen og Middelhavet og er vanleg ved Newfoundland, Island, Dei britiske øyane og langs heile norskekysten. Dei viktigaste gyteområda er i Bizkaia og nordvest for Dei britiske øyane.[2]
Levevis
endreLanga lever i små stimar eller åleine. Hovudføda er andre fiskar som torsk, makrell, uer, sild og flyndre. Ho tek også krepsdyr og blekksprut.
Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.
Bruk
endreLange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking. Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.
Fotnotar
endre- ↑ Hesthagen T, Wienerroither R, Bjelland O, Byrkjedal I, Fiske P, Lynghammar A, Nedreaas K og Straube N (24. november 2021). «Fisker: Vurdering av lange Molva molva for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
Kjelder
endre- Molva molva i FishBase
- Denne artikkelen bygger på «Lange» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Common ling» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Molva molva i Integrated Taxonomic Information System
- Molva molva i FishBase
- Davidson, Alan. Oxford Companion to Food (1999), "Ling". s. 454 ISBN 0-19-211579-0
- Marine Fauna Gallery of Norway Arkivert 2006-01-15 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Galleri ved seawater.no