Langemann
Langemann er ein rollefigur frå Kaptein Sabeltann-verda skapt av Terje Formoe.

Langemann er kjend på alle hav som skuggen til Kaptein Sabeltann. Han er den nestkommanderande til kapteinen, og ser til at alle følgjer opp ordrane hans. Langemann er den einaste som har direkte tilgang til Kaptein Sabeltann si borg. Han følgjer også med så alle gjer jobben sin i landsbyen Abra Havn.
Langemann har inga kone, men har varme kjensler for figuren Rosa. Det var Langemann som redda Pinky frå vraket av skuta til Morgan, og han har sidan passa på Pinky i Abra Havn når han ikkje har vore på tokt.
Skodespelarar
endre- Audun Meling 1994-2011, 1994-2014 (dagtid)
- Dennis Storhøi 2003, stemme i teiknefilmen
- Håvard Bakke 2010-2016, 2018-2019
- Richard Olsen 2014- (dagtid)
- Ole Martin Aune Nilsen 2015 (dagtid)
- Frode Winther 2016-2017
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Langemann» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2020.
- Artikkelen bygger på «Langemann» frå Kaptein Sabeltann Wiki, gjeve ut under CC-BY-SA.