Langfredagsfjære
Langfredagsfjære er eit etablert omgrep for storfjære. Det er mykje brukt langs Helgelandskysten og i Salten, der det kvart år er storfjære ved påsketider, men og i andre delar av Noreg er uttrykket vanleg.
Storfjæra på langfredagen har fleire årsaker:
- Skilnaden mellom flo og fjære er størst det første døgnet etter fullmåne. Sidan påskedagen er første søndag etter ein fullmåne, er det ofte fullmåne like før langfredagen.
- Tidevatnet vert styrt av gravitasjonskrefter frå sol og måne. På vinteren er sola nærast jorda, slik at gravitasjonskreftene frå sola er sterkast på denne tida av året.
- Det er ofte høgt lufttrykk og frålandsvind i månadsskiftet mars/april, slik at vasstanden vert lågare enn tidvasstabellane tilseier.
BakgrunnsstoffEndra
- Tidvasstabell Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine. ved met.no