Lara Flynn Boyle

amerikansk skodespelar

Lara Flynn Boyle (fødd 24. mars 1970) er ein amerikansk filmskodespelar. Ho er best kjend for rolla som Donna Hayward i fjernsynsserien Twin Peaks (1990–1991). Etter å ha spelt Stacy i komedien Wayne's World (1992) hadde Boyle ei hovudrolle i den kritikarroste neo-noir-filmen Red Rock West (1993). Frå 1997 til 2003 spelte Boyle Assistant District Attorney Helen Gamble i fjernsnsserien The Practice, som ho blei nominert til ein a Primetime Emmy Award for.

Lara Flynn Boyle

Fødd24. mars 1970 (54 år)
FødestadDavenport
Aktive år1987–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, songar
SambuarKyle MacLachlan, Jack Nicholson
Lara Flynn Boyle med Kyle MacLachlan ved Emmy Awards i 1990.

Bakgrunn endre

Boyle blei fødd i Davenport i Iowa som dotter av Sally Flynn og Michael L. Boyle.[1][2] Farfaren hennar var Charles A. Boyle, eit medlem av Representanthuset i USA.[3] Boyle har irsk, tysk og italiensk avstamming.[4] Ho er kalla opp etter ein person i Boris Pasternak sin roman Doktor Zjivago. Ho voks opp i Chicago, Illinois og Wisconsin, og utdanna seg ved The Chicago Academy for the Arts.[5]

Filmografi endre

  • Amerika (1987) (kortserie)
  • Poltergeist III (1988)
  • The Preppie Murder (1989) (TV)
  • Dead Poets Society (1989)
  • How I Got Into College (1989)
  • Twin Peaks (1990) (fjernsynsserie, 1990 - 1991)
  • The Rookie (1990)
  • Mobsters (1991)
  • Red Rock West (1992)
  • Where the Day Takes You (1992)
  • Wayne's World (1992)
  • The Temp (1993)
  • Threesome (1994)
  • Past Tense]] (1994) (TV)
  • Baby's Day Out (1994)
  • The Road to Wellville (1994)
  • The Big Squeeze (1996)
  • Afterglow (1997)
  • The Practice (fjernsynsserie, 1997–2003)
  • Happiness (1998)
  • Susan's Plan (1998)
  • Since You've Been Gone (1998)
  • Speaking of Sex (2001)
  • Men in Black II (2002)
  • Las Vegas (fjernsynsserie, 2003, 2005)
  • Huff (fjernsynsserie, 2004-2006)
  • The House Next Door (2006)
  • Have Dreams, Will Travel (2007)
  • Life Is Hot in Cracktown (2009)
  • Baby on Board (2009)
  • Cougar Hunting (2010)
  • & Gretel Get Baked (2013)
  • Lucky Dog (2015)
  • Death in Texas (2020)

Kjelder endre

  1. «Lara Flynn Boyle Biography (1970–)». www.filmreference.com. 
  2. «Marriage Announcement 4 -- No Title». Chicago Tribune (Chicago, Illinois: Tribune Publishing). March 23, 1969. 
  3. Kilian, Michael (5. oktober 1997). «Thanks, Ma Lara Flynn Boyle Remains Grounded By Her Chicago Roots». Chicago Tribune (Chicago, Illinois: Tribune Publishing). Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 20. oktober 2021. 
  4. «Lara Flynn Boyle Online – TWOH Interview – Page 3 of 6». Arkivert frå originalen August 5, 2002. 
  5. Hart, Hugh (10. september 1992). «RUNAWAY SUCCESS». Chicago Tribune (Chicago, Illinois: Tribune Publishing). Henta 31. mars 2018. 
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.