Lardal
Lardal er ein tidlegare norsk kommune i Vestfold fylke. Innlandskommunen omfatta den øvste delen av Lågendalen med Numedalslågen i fylket, med sidedalen Herlandsdalen i nordvest og åsane omkring. I vest grensa Lardal til Telemark og i nord og nordvest til Buskerud. 1. januar 2018 blei Lardal kommune lemma inn i Larvik kommune.
Lardal | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Areal | 277,69 km² | ||
Folketal | 2 474 (1. januar 2016)[1] | ||
Lardal 59°22′56″N 9°54′19″E / 59.382222°N 9.905278°E | |||
Lardal kommune på kart over Vestfold
| |||
Wikimedia Commons: Lardal |
Den rette uttalen av namnet Lardal (som nytta i Vestfold) er med trykk på fyrste staving, med stum 'r' og leddet «dal» blir uttalt med 'æ' og tjukk 'l'. Tonem (tonelag) skal vere som «Sola» (staden), ikkje som «sola» (stjerna).
Kommunevåpenet som blei brukt av kommunen er dominert av ei hulder, på grunn av at tradisjonen om huldra frå gammalt av stod sterkt i indre Vestfold.
Geografi
endreBusetnaden ligg hovudsakleg i dalbotnen av sjølve Lågendalen. I nordre del av den tidlegare kommunen ligg Svarstad, som var administrasjonssenteret i kommunen, på vestsida av Lågen og sør for utløpet av Herlandselva.
20 km av Numedalslågen renn gjennom Lardal med eit fall på frå 36 til 12 moh. i fire fossar. Mellom fossane vekslar elva mellom rolege parti og langstrekte stryk. Trollfoss er det største og lengste fossefallet i Vestfold med eit fritt fall på 12 meter. Fossen er del av Dalelva som renn frå den høgtliggande innsjøen Svartangen og ut i Numedalslågen. Lardal var mellom dei mest elgrike kommunane og Lågen mellom dei mest lakserike vassdraga i Noreg. Den tidlegare kommunen har tre naturvernområde: Kringlemyr (myr), Tolvmannsmyr, også i Re kommune (myr), og Vindfjell, også i kommunane Re og Siljan (naturreservat).
Området ved Kjærrafossen er utvikla til eit kultursentrum, der til dømes det tradisjonelle kjærrafisket blir halde i hevd.
Samferdsel
endreFrå Kongsberg går Fylkesveg 40 langs Lågendalen gjennom Svarstad til Kvelde i Larvik og vidare til Brommestadkrysset ved Europaveg 18. Fylkesveg 32 som går frå Steinsholt til Skien, utgjer det kortaste sambandet Oslo–Skien.
Bilete
endre-
Svarstad sett frå lufta
-
Lardal ungdomsskole
-
Fylkesveg 220 i Lardal
-
Trollfoss, det høgste fossefallet i Vestfold, ligg i den tidlegare kommunen
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://ssb.no/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar/2016-02-19?fane=tabell&sort=nummer&tabell=256001.
- Geir Thorsnæs og Sten Lundbo (1. januar 2018). «Lardal – tidligere kommune». Store norske leksikon. Henta 3. januar 2018.