Larisa Lazutina

(Omdirigert frå Larisa Ptitsyna)

Larisa Jevgenjevna Lazutina, tidlegare Larisa Jevgenjevna Ptitsyna (fødd 1. juni 1965) er ein sovjet-russisk tidlegare langrennsløpar frå Kondopoga i Karelia. Mellom 1987 og 2001 vann ho elleve gullmedaljar i sju ulike verdsmeisterskap på ski. Og i perioden 1992-98 sikra ho seg fem gullmedaljar i dei olympiske vinterleikane. Ni av dei seksten gullmedaljane kom i stafettevlingar. I alt fekk ho 22 VM- og OL-medaljar (16-3-3), etter 16 år som aktiv på toppnivå.

Larisa Lazutina


Verkeleg namn Лариса Евгеньевна Лазутина, opphavleg Птицына
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 1. juni 1965 (58 år)
Kondopoga
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001

Utmerkingar

Helt av Den russiske føderasjon, Holmenkollmedaljen, Ordenen folkenes vennskap, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet

Aktiv endre

Larisa Ptitsyna vann si fyrste internasjonale medalje då ho gjekk for Sovjetunionen sitt vinnarlag på 4×5 km stafett under ski-VM 1987 i Oberstdorf. Seinare i same meisterskapen tok ho si fyrste medalje, ein bronse, på 20 km i klassisk stil. To år seinare tok ho VM-sølv på 30 km i Lahti, slått med åtte sekundar av landsmannen Jelena Välbe.

I 1990 gjekk Lazutina, som ho då heitte etter å ha gifta seg med langrennaren Gennadij Lazutin, heilt til topps i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho skulle gjenta i 1998-sesongen. Ho fekk si fyrste olympiske medalje på stafetten under OL 1992 i Albertville, ein gullmedalje til fire russiske kvinner som gjekk for den oppløyste Sovjetunionen.

Frå 1993 tok Lazutina jamnt rikeleg for seg av medaljane i dei store meisterskapane. Med Russland fekk ho sju strake triumfar på 4×5 km stafett; VM-gull 1993, OL-gull 1994, VM-gull 1995 og 1997, OL-gull 1998, VM-gull 1999 og 2001. Elles vart ho verdsmeister på 5 km i klassisk stil både i 1993 og 1995, vinnar av jaktstarten i VM 1995 og OL 1998, samt 15 km under VM 1995 og 30 km i VM 2001, begge i klassisk stil.

Lazutina vann fem medaljar under OL 1998 i Nagano, tre gull, ein sølv og ein bronse. Ho tok fire medaljar under ski-VM 1995 i Thunder Bay, samtlege i gull, og tre (2-1-0) medaljar under ski-VM 1993 i Falun.

I 1998 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes som Fred Børre Lundberg, Harri Kirvesniemi og Aleksej Prokurorov fekk medaljen.

Doping endre

Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Lazutina tildelt sølvmedaljar på 10 km jaktstart og 15 på km. Etter positive dopingtestar, som vart gjort kjend straks føre stafettevlinga over 4×5 km, vart ho utestengd frå å tevle og seinare frådømt dei to sølvmedaljane. Ho la deretter opp.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre