Lars Abrahamsen

norsk advokat og politikar

Lars Kristian Abrahamsen (18. oktober 185521. juli 1921) var ein norsk jurist og politikar for partiet Venstre. Han var statsråd 1908-10 i den fyrste regjeringa Gunnar Knudsen, og 1913-19 i den andre Knudsen-regjeringa.

Lars Abrahamsen

Fødd18. oktober 1855
Hedrum kommune
Død21. juli 1921 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat, sjøfolk
EktefelleAugusta Abrahamsen
Alle verv

Abrahamsen var frå Hedrum, far hans var roar. Sjølv sigla han i yngre år til sjøs, mellom anna som bottlenosefangar. Han tok styrmannseksamen i 1873, og var sjømann fram til 1878, siste åra som styrmann. I 1882 vart han student og fullførte i 1886 juridisk embetseksamen. Frå 1887 arbeidde han som sakførar, seinare overrettssakførar i Larvik. Perioden 1902 til 1913 var han sorenskrivar i Hardanger og Voss, med unntak for tida som statsråd. Frå 1919 var han sorenskrivar i Follo.

Han hadde ei rekke lokalpolitiske verv i både Larvik og Voss. Formann i Larvik Venstre i ti år og medlem av bystyret i Larvik 1888-1902, ein bolk som varaordførar. Medlem av heradsstyret på Voss 1907-10.

Abrahamsen var stortingsmann i til saman fire valperiodar. Han vart fyrst vald frå Larvik og Sandefjord valkrins for åra 1898-1903. Perioden 1906-09 representerte han Voss og 1913-15 Midhordland. 1898-1900 var han medlem av justiskomiteen og 1900-03 formann i protokollkomiteen, samt medlem av valkomiteen og komiteen om sjødugleiken til skip. På ny formann i protokollkomiteen 1906-08 og medlem av valkomiteen, i 1906-07 medlem av særkomiteen om fossefalla.

Abrahamsen var statsråd og sjef i Handelsdepartementet i Gunnar Knudsens fyrste regjering som sat frå 18. mars 1908 til 1. februar 1910. I Knudsens andre regjering, som tiltredde 31. januar 1913, var han sjef for Justisdepartementet fram til 26. juli 1916. Han vart deretter utnemnd til sjef for Sosialdepartementet. Han gjekk ut av regjeringa den 20. februar 1919.

Han var styremedlem i Det Norske Totalavholdsselskap frå 1919 til han døydde. Abrahamsen hadde ei leiande rolle i fråhaldsarbeidet i mange år, særleg mellom politikarane på Stortinget. Han hadde ein avgjerande posisjon i kampen for å forby brennevinet.

Kjelder endre