Lars Akerhaug
Lars Akerhaug (fødd 24. oktober 1981) er ein norsk journalist og sakprosaforfattar. Han har arbeidd som journalist for Minerva og Dagen,[1] og har særleg skrive om islamsk ekstremisme.[2] Frå 1. januar 2019 var han redaksjonssjef i Resett.[1]
Lars Akerhaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1981 (43 år) |
Yrke | journalist, faglitterær forfattar |
Språk | norsk |
Akerhaug har studert arabisk og islam ved Universitetet i Oslo og har budd i Egypt og Syria.[3] Han har tidlegare skrive for VG og Aftenposten og dessutan for Dagen og Journalisten. I 2013 gav han ut ei bok om jihadisme i Noreg, og i 2015 ei bok om Al-Shabaab-terroristen Hassan Dhuhulow. I 2016 gav han ut boka Siste jul i Kairo som handlar om kåra til kristne i Midt-Austen. I 2018 var han skuggeforfattar for Sylvi Listhaug-boka Der andre tier.
Akerhaug har bakgrunn frå venstresida i norsk politikk. Han har vore medlem av AKP og internasjonal leiar i Raud Valallianse.[4] På midten av 2000-talet var han leiar i Komiteen for et fritt Irak.[5]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Johannessen, Stian Øvrebø (29. desember 2018). «Lars Akerhaug blir redaksjonssjef i Resett». www.dn.no. Henta 14. januar 2019.
- ↑ Om Minerva - Redaksjonen, arkivert frå originalen 15. februar 2016, henta 14. januar 2019
- ↑ Waatland, Erik (2. august 2017). «– Journalistene er en politisk korrekt saueflokk som følger etter hverandre og som ikke tenker selv, mener Lars Akerhaug (35)». Medier24.no (på norsk). Henta 3. august 2017.
- ↑ Klassekampen: «Til sengs med fienden» (29. juli 2013, s. 4-5)
- ↑ Tidsskriftet Rødt!: «Arabisk nasjonalisme i ytterkantene»
Litteratur
endre- Publikasjonar av Lars Akerhaug i BIBSYS
- Norsk jihad : muslimske ekstremister blant oss Kagge forlag, 1. utg. 2013 ISBN 9788248914457
- En norsk terrorist : portrett av den nye ekstremismen Kagge 2015 ISBN 9788248916666
- Siste jul i Kairo – en fortelling om de kristne i Midtøsten Dreyers 2016
- Der andre tier med Sylvi Listhaug Kagge 2018 ISBN 9788248922650
Bakgrunnsstoff
endre- Artikler av Lars Akerhaug på Minerva Arkivert 2015-12-01 ved Wayback Machine.