Lars Christensen

norsk reiar og konsul
Denne artikkelen handlar om kvalfangstreiaren og polfararen. For forfattaren, sjå Lars Saabye Christensen.

Lars Christensen (6. april 188410. desember 1965) var ein norsk kvalfangstreiar og konsul. Han utrusta ni vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis og deltok sjølv på fire av dei.

Lars Christensen

Lars Christensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1884
 Noreg Sandar i Vestfold
Død

10. desember 1965 (81 år)
 USA New York

Yrke Kvalfangstreiar
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Far Christen Christensen
Ektefelle Ingrid Christensen

Christensen byrja som skipsreiar i Sandefjord i 1907 og vart frå 1909 aktiv i norsk kvalfangst. Frå 1920 sat han i leiinga for A/S Thor Dahl, og dessutan fleire andre kvalfangstselskap og Framnæs Mekaniske Værksted.

Christensen finansierte mellom anna dei fire Norvegia-ekspedisjonane med selfangaren «Norvegia» i tidsperioden 1927-31. Den første ekspedisjonen annekterte Bouvetøya for Noreg 1. desember 1927. Selfangaren «Norvegia» var moderskip for den første flyginga inn over Antarktis, segla heile Antarktika rundt og kom heim til Noreg 15. mai 1931.Lars Christensen finansiert, og leia dei fire Thorshavn-ekspedisjonane.

Under andre verdskrigen var Christensen i seks år finansråd ved den norske ambassaden i Washington i USA og medlem av rådet i Nortraship.

I 1917 vart han utnemnd til Kommandør av Dannebrogordenen. Han vart i 1931 utnemnd til Riddar av St. Olavs Orden og i 1944 fekk han Kommandørkrossen med Stjerne av St. Olavs orden. I tillegg var han Kommandør av Vasaordenen og den franske Æreslegionen. Han hadde Haakon VIIs Frihetskors, Gunnerusmedaljen, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs gullmedalje og American Geographical Society sin Livingstonemedalje.

Christensen var æresdoktor ved St. Olaf College i Minnesota og æresmedlem i Det Norske Geografiske Selskab og i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Han er æresborgar av Granby i Quebec, Canada.

Christensen donerte mellom anna Hvalfangstmuseet til Sandefjord by og finansierte Sjøfartsmuseet i Oslo.

Fleire stader i Antarktis er kalla opp etter han, blant anna:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre