Lars Evensen
Lars Samuel Myhrer Evensen (12. november 1896–19. januar 1969), fødd i Drøbak, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet) og fagforeiningsmann. Han var formann for kjøttarbeidarforbundet frå 1927, sekretær i LO frå 1934 og nestformann i 1939. Saman med formann Konrad Nordahl var Evensen blant dei fremste talspersonane for å konfrontere okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen og blei fratatt vervet sommaren 1940.
Lars Evensen | |||
![]() | |||
Fødd | 12. november 1896 Drøbak | ||
---|---|---|---|
Død | 19. januar 1969 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (1921; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1930), Arbeidarpartiet (1931) | ||
Yrke | politikar, faglitterær forfattar, fagforeiningsleiar | ||
Alle verv |
|
Etter mjølkestreiken og forsøket på nazifisering som ramma LO hausten 1941 drog Evensen til Sverige der han spelte ei leiande rolle i Arbeiderpartimiljøet.
Etter krigen blei han handelsminister i Gerhardsen si samlingsregjering i 1945, og mellom 1947 og 1953 var han industriminister. Mellom 1954 og 1957 sat han på Stortinget. Han var fylkesmann i Vest-Agder mellom 1954 og 1966.
Føregangar Ingen |
Industriminister 1947–1951 |
Etterfylgjar Arne Gudbrand Drogseth (konstituert statsråd) |
Føregangar Arne Gudbrand Drogseth (konstituert statsråd) |
Industriminister 1951–1953 |
Etterfylgjar Nils Handal |