Lars Lillo-Stenberg

norsk musikar

Lars Lillo-Stenberg (fødd 30. juni 1962) er ein norsk musikar og låtskrivar frå Oslo. Han er særleg kjend som frontfigur og vokalist i musikkgruppa deLillos.

Lars Lillo-Stenberg

Fødd30. juni 1962 (61 år)
FødestadFrogner
OpphavNoreg
Sjangerrock
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka sommusikar, songar, gitarist, låtskrivar, forfattar, plateartist
MorMette Lange-Nielsen
FarPer Lillo-Stenberg
Gift medAndrine Sæther
PrisarKardemommestipendiet, Skjæraasenprisen, Tekstforfatterfondets ærespris, Medaasprisen

Lillo-Stenberg starta i 1984 deLillos, ei musikkgruppe som i hovudsak har spelt inn album i stilartane pop og rock. Frå starten hadde han med seg i gruppa bassisten Lars Fredrik Beckstrøm og Rune Lindstrøm, seinare også trommeslagaren Øystein Paasche og gitaristen Lars Lundevall.

Lillo-Stenberg har gitt ut fleire soloplater, dels med musikk laga av andre toneskaparar og tekstforfattarar. Han har dessutan skrive instrumentalmusikk til dei norske spelefilmane Elling og Buddy, samt songen «For alle» til ein fjersnynsreklame for Coca-Cola.

Han er gift med skodespelaren Andrine Sæther.

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre