Lars Olsson Villand

Lars Olsson Villand, fødd 1731, var sjette son av Ragnhild Ellingsdotter Villand, og andre son av Ola Larsson Fossgard. Han sat på garden Grøvo, og er ofte omtala som Lars Grøvo. Han Lars skal ha vore korporal, og kjøpte Grøvo i 1765.

Lars vart gift med Gro Tomasdotter Røo, ætling av Sander Sanderson. Etter kjeldene har Lars vore lite blanda opp i reine slagsmål, men har ofte vore på tinget i pengeærend. Han var ofte formyndar for dei yngre jentene i ætta når fedrane deira var avlidne eller sett fast.

I 1772 stemna han inn Nils Holto til tings, fordi Nils hadde krenkt han i ein smørhandel. Kjelda fortel:

«Lars Willand "skjød herpaa til skields". Men Nils Holo skjød derpaa selv til skields, og igjentog atter sin forrige utladelse med tillæg: "fordie de ikke brugte rættens middel."»

I denne kjelda finn ein prov på at Lars, som fleire av villandane, synte at dei ville bruke sin eigen rett. «Ein ser av tingbøkene korleis folk her uppe gong på gong måtte brenne seg, før dei lærte at det no stod ein rett over deira nevarett.» (Reinton). Slik kan ein og rekne at vørdnaden for Christian den femtes norske lov av 1685 ikkje hadde festa seg heilt i fjellbygdene.

Segnene fortel at Lars kom i trette med lensmannen i Ål, Erik Nerolshaugen. Eit år skal Erik ha teke pant i køyretøyet til Lars, noko som førte til at Lars dreiv på han med kniv. Lars Reinton er inne på at ære og eiga rettsoppfatting er sentrale punkt i segnene og sogene om Lars Grøvo.

Kjelde endre

  • Lars Reinton: Villandane.