Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad (fødd 5. mars 1961)[1] er ein norsk sosiolog og forfattar. Han vart fødd i industristaden Odda. Etter den tid har han flytta mykje, men lever no på Austlandet.
Lars Ove Seljestad | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1961 (63 år) Odda |
Yrke | Forfattar, sosiolog |
Periode | 2005- |
Debut | Blind |
Seljestad debuterte som forfattar i 2005 med romanen Blind. I likskap med forfattaren er hovudpersonen sosiolog og son av ein arbeidar ved Odda Smelteverk. Sidan debuten har Seljestadgitt ut fleire romanar, eit essay og to diktsamlingar.
Seljestad skriv hovudsakleg på eit moderne dialektfarga nynorsk. Han er kjend som ein sterk formidlar og opplesar av eigen litteratur. Han er sidan 2010 fulltids forfattar og skribent. Same året vart han tildelt Bokhandelens forfatterstipend.
Seljestad har òg skrive fast for spalta Paradoks i avisa Klassekampen.
Utgjevingar
endre- 1997 - Arbeidsløyse som ressurs, nye vegar til arbeid og identitet. ISBN 82-521-4959-6
- 2005 - Blind, roman. ISBN 82-02-24314-9
- 2006 - Bastard, essay. ISBN 978-82-02-25500-8
- 2009 - Frægd, roman. ISBN 978-82-03-19469-6
- 2011 - Fjorden, roman. ISBN 978-82-03-35035-1
- 2012 - Isberg, roman. ISBN 978-82-03-35096-2
- 2013 - Storspring, diktsamling. ISBN 978-82-0335549-3
- 2014 - Kjære bror, roman. ISBN 978-82-0335790-9
- 2017 - Ta hand om deg, roman. ISBN 978-82-0336276-7
- 2019 - Snøen stryk ut alle spor, roman. ISBN 978-82-0336435-8
- 2020 - Lyden av stein som flyttar seg under vatn, diktsamling, ISBN 978-82-0326710-9
Referansar
endre- ↑ ««Lars Ove Seljestad (05.03.1961)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.