Lars Svendsen

Norsk politikar
Denne artikkelen handlar om stortingsmannen. For filosofen, sjå Lars Fr. H. Svendsen.

Lars Svendsen (8. februar 180211. mai 1859) var ein forretningsmann og stortingsmann frå Stavanger.

Lars Svendsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. februar 1802
Død

11. mai 1859 (57 år)

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk

Svendsen var son til ein kjøpmann. Sjølv byrja han på sjøen, tok styrmannseksamen og førte eige skip. Enno i ung alder slutta han sjølivet, då han og broren Svend Svendsen etablerte firmaet L. & S. Svendsen. Firmaet dreiv ei omfattande verksemd med både utreiing av eigne båtar, sildesalting, og sal av både kolonial-, jarn- og glasvarer. På Finnmarks-kysten hadde det trankokeri.

Svendsen fekk plass i det fyrste formannskapet i Stavanger, der han var medlem 1837-44 og 1855-59. Han representerte Stavanger på Stortinget i 1842, 1845, 1857 og på det overordentlege storting 1858. I 1842 og 1845 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1857 og -58 var medlem av tollkomiteen.

Han døydde i heimbyen, 57 år gammal.

Kjelder endre