Lars Vaular
Lars Nesheim Vaular (fødd 20. september 1984) er ein rappar og låtskrivar frå Åsane i Bergen. Han har rappa på bergensk sidan 2003 og har tidlegare arbeidt saman med Tungtvann, Side Brok, Jan Eggum, Fjorden Baby! og John Olav Nilsen & Gjengen.
Lars Vaular | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1984 (40 år) Bergen |
Yrke | låtskrivar, songar, rappar, plateartist |
Språk | norsk, engelsk |
Nettstad | http://www.larsvaular.no |
Lars Vaular på Commons |
Lars Vaular er fetter av artisten Sondre Lerche.
Vaular debuterte som soloartist med La Hat i 2007. Då hadde han har fleire utgjevingar bak seg i duoen Tier’n & Lars. Den 4. mai 2009 kom han med sitt andre soloalbum D'e glede (Kor vil du dra i dag?). I 2009 hadde han tre hitsinglar og vart nominert til Spellemannprisen 2009 i klassa hip-hop for D'e glede. 3. mai 2010 kom Helt om natten, helt om dagen, som den første av platene hans med nasjonal distribusjon og promotering (Bonnier Amigo). Det siste albumet hans heiter Du betyr meg.
Diskografi som soloartist
endre- La Hat... Et nytt dagslys (2007)
- D'e glede (Kor vil du dra i dag?) (2009)
- Helt ute på EP (2010)
- Helt om natten, helt om dagen (2010)
- Du betyr meg (2011)
Prisar og utmerkingar
endre- Under Spellemannprisen 2010 vann han i klassa hip-hop og vart kåra til Årets innovatør.[1]
- Vaular vann Norsk Målungdom sin dialektpris i 2010[2].
- Under Spellemannprisen 2011 vann Lars Vaular både i kategorien tekstforfattar og i klassa hip-hop for Du betyr meg.
- Vann Edvard-prisen 2012 i kategorien tekst til musikk for Du betyr meg.
- Fekk Gammleng-prisen i 2021.