Larvik kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold og Telemark fylke.

Larvik kyrkje
kyrkje
Foto: Mahlum
Land  Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Larvik
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Gul teglstein
Innvigd 6. januar 1677
 - Endringar M.a. 1758–60, 1859–64, 1906, 1970-åra, 1988
Tårn I nord
Klokker 3: ei frå 1639 og to frå 1887 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1860, teikna av Chr.H. Grosch
Døypefont Av marmor, gjeve til kyrkja i 1705
Altartavle Bilete måla av Ernst H. Löffler 1752 (nattverdsbilete på predellaen måla av Jacob Lindgaard 1754)
Orgel Carsten Lund, 1998
Sitjeplassar 387[1]
Kart
Larvik kyrkje
59° N 10° E
Wikimedia Commons: Larvik kirke

Kyrkja vart innvigd 6. januar 1677. I byrjinga hang klokkene i ein stopul på kyrkjegarden. Tårnet i nord vart oppført i 1758–60. I 1859–64 vart interiøret endra etter planar av Christian Heinrich Grosch, og kyrkja fekk det nygotiske preget ho framleis har i innvendig takkonstruksjon og orgelgalleri. Østportalen med våpenhus er frå same tid. Det er mogleg at kyrkja opphavleg var planlagd som krosskyrkje.

I byrjinga var det gravplass attmed (og under) kyrkja. Næraste gravplass i dag er på Undersbo, under ein kilometer frå kyrkja.

Valkyrkje Endra

Larvik kyrkje var valkyrkje i 1814 og Christian Adolph Diriks blei 4. mars vald til å representere Larvik på Riksforsamlinga på Eidsvoll.[2]

Bilete frå kyrkja Endra

Bakgrunnsstoff Endra

Fotnotar Endra

  1. Iflg. Larvik kyrkjelege fellesråd
  2. Valgene i 1814 Arkivert 2021-06-24 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.