Lasíthi
Periferieininga Lasíthi Περιφερειακή ενότητα Λασιθίου | |
---|---|
| |
Periferi | Kreta |
Hovudstad | Ájos Nikólaos |
Folketal | 77 819 (2021[1]) |
Areal | 1 823 km² Rangering 38. |
Folketettleik | 43/km² |
Kommunar | 4 |
Postnummer | 72x xx |
Retningsnummer | 284x0 |
Bilnummer | AN |
Heimeside | www.lassithi.gr |
Periferieininga Lasíthi (gresk Περιφερειακή ενότητα Λασιθίου, Periferiakí enótita Lasithíou) er den austlegaste periferieininga på øya Kreta i Hellas, aust for Iráklio. Lasíthi er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta.[2]
Hovudstaden er Ájos Nikólaos, og andre større byar er Ierápetra, Sitía og Neápoli. Av fjell finn ein Díkti i vest og Sitíafjella i aust. Egearhavet ligg i nord medan Libyahavet ligg i sør.
Aust for landsbyen Eloúnda ligg øya Spinalonga, som tidlegare var ein venetiansk festning og ein koloni for spedalske. Ved foten av Díkti ligg Lasíthiplatået, som er kjend for sine vindmøller.
På grunn av dei mange strendene og det milde klimaet kjem mange turistar til Lasithi. Masseturisme finne ein på stader som Vái, Ájos Nikólaos og øya Khrysí.
Prefekturet har mange funn frå antikken og førhistorisk tid. Vasilikí, Foúrnou Korfí, Pýrgos, Zákros og Gourniá er ruinar frå den minoiske sivilisasjonen, Lato og Itanos var doriske byar.
Administrativ inndeling
endreTidlegare var Lasíthi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Lasíthi | Ájos Nikólaos | Ájos Nikólaos | 721 00 | 28410-2 |
Neápoli | 724 00 | 28410-3 | ||
Vrakhási | ||||
Sitía | Sitía | 723 00 | 28430-2 | |
Ítanos | 723 00 | 28430-6 | ||
Lévki | 720 56 | 28430-9 | ||
Oropédio Lasithíou | Oropédio Lasithíou | 720 53 | 28440-2 | |
Ierápetra | Ierápetra | 722 00 | 28420-2 | |
Makrý Jalós | 720 55 | 28430-2 |
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Ierápetra | Ierápetra | 12 355 | 13 609 |
Ájos Nikólaos | Ájos Nikólaos | 11 421 | 12 149 |
Sitía | Sitía | 9 348 | 10 565 |
Neápoli | Ájos Nikólaos | 2 683 | 2 773 |
Skhísma | Ájos Nikólaos | 1 730 | 1 698 |
Gra Lyjá | Ierápetra | 1 528 | 1 451 |
Kritsá | Ájos Nikólaos | 1 296 | 1 291 |
Kendrí | Ierápetra | 1 021 | 1 051 |
Palékastro | Sitía | 953 | 1 024 |
Sísi | Ájos Nikólaos | 1 003 | 1 001 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
endre- Den geografiske profilen til Lasíthi Arkivert 2013-12-29 ved Wayback Machine.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lasithi frå Engelsk Wikipedia .