Laser er ein teknikk for å senda ut lys med lik bølgjelengd og lik fase. Dette vil seia at lyset som regel er einsfarga, koherent, har sterk intensitet og går i éin retning. Ein lager laserlys gjennom stimulert emisjon frå ulike stoff. Ordet «laser» er ei forkorting for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation.

Laserlys i forskjellige bølgjelengder - raudt (660 & 635 nm), grønt (532 & 520 nm) og blå-fiolett (445 & 405 nm).
Diagram over kva spektrallinjer ulike stoff kan senda ut som laserlys.

Laserlys er smale stråler sett saman av tilnærma parallelle lysstråler som kan avgrensast i rommet og styrast med stor presisjon. Det gjer at ein kan få svært høg temperatur ved å fokusera laserstrålen i på eit punkt, og slik bruka laser til presis skjering eller merking i ulike materiale. Ein laser kan senda ut kontinuerlege stråler eller lyspulsar som kan avgrensast til femtosekund[treng kjelde].

Den første brukbare laseren blei laga av Theodore Maiman i 1960. Teknikken blir i dag brukt innan vitskap, medisin, industri, underhaldning og i dagleglivet til mellom anna cd og dvd-avspeling, innan optisk kommunikasjon, i laserpeikarar og laserskrivarar.

Døme endre

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Laser
  Denne fysikkartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.