Lashinda Demus (fødd 10. mars 1983) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Inglewood i delstaten California. Ho vart verdsmeister i 400 meter hekk i 2011 og vann VM-gull i 4 x 400 meter stafett i 2009. I tillegg har ho vunne to VM-sølv, eitt OL-sølv og ei OL-bronse på langhekken i tida 2005-13.

Lashinda Demus


Statsborgarskap USA
Fødd 10. mars 1983 (41 år)
Inglewood
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Demus deltok i OL 2004 i Aten, der ho vart slått ut i semifinalane på 400 meter hekk. Året etter tok ho sølvmedaljen i same øvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki, einast verdsrekordhaldaren Julija Petsjonkina sprang fortare.

Under friidretts-VM 2009 i Berlin vann Demus eit nytt VM-sølv på langhekken, og ho sprang tredjeetappen for USA sitt vinnarlag i 4 x 400 m stafett; dei andre på laget var Debbie Dunn, Allyson Felix og Sanya Richards.

Ved VM i friidrett 2011 vann Demus gullmedaljen på 400 meter hekk då ho sette USA-rekord med 52,47 sekundar og viste tittelhaldaren i øvinga, Melaine Walker frå Jamaica, til sølvplassen. Året etter var Demus involvert i eit durabeleg oppgjer om OL-gullet på 400 meter hekk i London, der ho måtte gje tapt for russiske Natalja Antjukh med ein margin på sju hundredels sekund. Demus fekk så bronsemedaljen på langhekken då VM i friidrett 2013 fann stad i Moskva.

Kjelder endre