Lasse Myrvold
Lasse Mustafa Myrvold, best kjend som Lasse Myrvold, (10. juli 1953–3. september 2006) var ein norsk musikar. Han var oppvaksen i Stavanger, men er kjend som ein del av musikkmiljøet i Bergen, og spelte i band som The Aller Værste!, The Beste og Kong Klang. Han stod òg bak prosjekt som Stilleben, The Willkoks Talk og Göbbels a Go Go og filmmusikken til Velkommen Hjem frå 2002. Han var bror til kunstnaren og klededesignaren Pia Myrvold.
Lasse Myrvold | |
Fødd | 10. juli 1953 |
---|---|
Fødestad | Stavanger kommune |
Død | 3. september 2006 (53 år) |
Dødsstad | Bergen |
Opphav | Noreg |
Sjanger | pønkrock |
Instrument | gitar, orgel, vokal |
Verka som | songar, musikar, gitarist, låtskrivar |
Prisar | Spellemannprisen |
Etter at det var vorte kjend at prostatakreften han var råka av ikkje lét seg lækje vart det sett i gang arbeid med å lage ei hyllestplate som fekk namnet Dans til musikken. På plata medverkar ei rekkje norske musikarar og band med sine versjonar av Myrvold-musikk. Plata inneheld også det nylaga sporet Du og jeg i samme båt framført av Myrvold som Kong Klang.
DiskografiEndra
The Aller Værste! | |||
---|---|---|---|
1980 | Blålys/På vei hjem | singel | Den Gode Hensikt |
1980 | TAV! | EP | Den Gode Hensikt |
1980 | Materialtretthet | LP | Den Gode Hensikt |
1981 | Disniland i de tusen hjem | LP | Den Gode Hensikt |
1981 | Hakk/Bare feiginger | singel | Den Gode Hensikt |
Stilleben | |||
1982 | Stilleben | EP | Apollon Records |
Lasse Myrvold og Kristian Stangebye | |||
1983 | The Willkoks Talk | LP | |
1983 | Göbbels A Go Go | LP | |
The Beste | |||
1985 | En sang for åtte kroner... | LP | |
1987 | Blått | LP | |
Kong Klang | |||
1999 | Kong Klang | CD | Den Gode Hensikt |
2002 | Kong Klang og Terje Dragseth | CD |
KjelderEndra
- Bergens Tidende melder at Lasse Myrvold er død
- Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Vega Forlag, Oslo 2005. ISBN 978-82-92489-09-3
BakgrunnsstoffEndra
- The Aller Siste Intervju med Myrvold, av Tore Renberg
- Intervju med Lasse Myrvold i Bergensavisen 2. september 2006