Laterittjord[1] er eit tynt, hard lag på eller nær overflata av eit jordsmonn. Vanlegvis er det frå eit par millimeter til eit par centimeter tjukt. Det vert som regel danna i eit område med mykje nedbør og råhumus i overflata. Jordsmonntypen som oppstår her er podsol.

Nedbøren renn gjennom råhumuslaget og vaskar ut forskjellige mineral i dei øvste laga av jord. Denne utvaska jorda vert kalla bleikjord. Minerala vert så avsett djupare ned og pressar jorda saman til Lateritt. Lateritt kan òg oppstå ved at vatn sildrar gjennom jordsmonnet både oppover, nedover og sidevegs. Mineral ein ofte finn i Lateritt er silikat, jern, kalsium og aluminium og fosfor. Ein har funne Lateritt på Mars, og dette kan hjelpe til med å vise at planeten ein gong hadde meir vatn enn i dag.[2]

Lateritt stenger vass- og stofftransporten i jroda og er slik sett teikn på uheldige jordbotnsforhold. Lyngheiene i Danmark er eit område der Lateritt typisk oppstår. Her vert fenomentet kalla al.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Verden i dag. 17 : Sentral-Afrika. Bonniers Bøger. 1995. s. 86. ISBN 874277366 Check |isbn= value: length (hjelp). 
  2. «Holy Cow Snow Queen Phoenix». Arkivert frå originalen 5. juni 2008. Henta 22. februar 2010.